Overlege
Helse Fonna HF
- Frist 12.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Vi søkjer overlege
Valen sjukehus ligg under Klinikk for psykisk helsevern, Helse Fonna. Ved sjukehuset er det 4 døgnpostar og ein poliklinikk; Akuttpost, Psykosepost, Sikkerhetspost, Sikker/rehabilitering og eit ambulant sikkerhetsteam (AST). Faggruppa omfattar overlege med spesialitet i psykiatri, psykologspesialist , lis.lege, sosionom, psykiatriske sjukepleiarar, aktivitør og miljøpersonell.
Spesialisert behandling Valen sjukehus har ledig 100% overlegestilling.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og testing
- Behandling og oppfølging av pasientar
- Vedtaksansvarleg for pasientar på tvunge psykisk hesevern og dom til behandling
- Vere del av det tverrfaglege behandlingsteamet på posten
- Inngår i bakvaktssystem for legar.
- Rettleie legar i spesialisering
- Rettleiing av studentar og anna helsepesonell
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon.
- Godkjent spesialist i psykiatri.
- Kunnskap til EPJ med både DIPS og Meona
- Vedtakserfaring
- LiS som er nær spesialisering kan tas i betrakning
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå
Utdanningsretning
- Psykologi
Utdanningsnivå
- Profesjonsstudium
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert og engasjert
- Tålmodig og evne til å knytte relasjon
- Høg grad av etisk- og fagleg ansvarsbevissthet
- Fleksibel og gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
Eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø med gode mogleheiter til å få bruke seg sjølv fagleg gjennom varierte og utfordrande kliniske problemstillingar.
Helse Fonna ynskjer å legge til rette for høg fagleg standard og kompetanseutvikling for den enkelte tilsette. Som overlege tilsett i Helse Fonna har ein eit fast kursbudsjett for vedlikehald av spesialiteten.Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Gode pensjons- og forsikringsordningarValen sjukehus ligg i naturvakre Sunnhordland/Hardanger med fjord og fjell og rikeleg moglegheiter for frilufstliv både på sjø og fjell. Velferdslaget har hytter som tilsette kan nytte. Gode oppvekstvilkår for barn med skule og barnehage . Regionssenteret Husnes ligg like i nærleiken med service og handlesenter. Regionen kan i sommarhalvåret by på eit rikt kulturtilbod med Baroniet i Rosendal i nærområdet.
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sjukehusvegen 15, 5451 Valen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Overlege
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Psykiatri, Overlege
Annonseinformasjon
- FINN-kode 384446917
- Sist endret