Seksjonsleiar ved seksjon for lege- og rusmiddelanalysar
Helse Bergen
- Frist 12.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Seksjonsleiar ved Seksjon for lege- og rusmiddel
Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er det største laboratoriet ved Haukeland universitetssjukehus og har ca. 350 tilsette. MBF har 12 analytiske og 4 ikkje-analytiske seksjonar som samarbeider tett med dei tre legegruppene (Medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og Klinisk farmakologi).
Avdelinga utfører ei rekke analysar innan fagområda medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi og har moderne analyseinstrument. I tillegg til omfattande rutinedrift blir det drive forsking og utviklingsarbeid. Laboratoriet er akkreditert etter ISO standard 15189.
Vi søker etter ein positiv, engasjert og dyktig leiar til fast stilling som seksjonsleiar for seksjon for lege- og rusmiddel ved avdelinga. Stillinga er ledig frå 13.02.2025.
Seksjonen har 18 medarbeidarar, dette inkluderer 5 kjemikarar og 3 fagbioingeniørar. Analyserepertoaret består av analyse av >50 ulike legemiddel og >40 ulike rusmiddel. Det blir årleg analysert ca. 30.000 legemiddelanalysar og 25.000 rusmiddelanalysar. Dette er prøvar både frå sjukehuset sine pasientar og frå primærhelsetenesta.
Seksjonen har avanserte analyseinstrument (LC-MS/MS, LC-QTRAP-MS, LC-QTOF-MS, GC-FID), samt moderne robotar for handtering og opparbeiding av prøvemateriale.
Alle analysemetodane er utvikla ved seksjonen. I tillegg til omfattande rutinedrift blir det også drive forsking og utviklingsarbeid.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for den daglege drifta
- Ansvar for måloppfølging, fag, kvalitet og personal
- Budsjettansvar og økonomioppfølging
- Bidra til val og innkøyring av nye instrument og metodar
- Ansvar for å bidra med heilskapleg og strategisk tenking og vere ein aktiv bidragsytar i arbeidet med å vidareutvikle seksjonen iht. vedtatte mål og strategiar
- Delta i dagleg rutine ved seksjonen
- Samarbeide tett med seksjonslege/legar og leiargruppa, i tillegg deltar seksjonsleiar i ulike fellesmøte og prosjekt i avdelinga
- Delta i utvida leiargruppe
Kvalifikasjonar
- Autorisert bioingeniør eller anna relevant utdanning frå høgskole/universitetsnivå (føreset at søkar er villig til å opparbeide kompetanse innanfor laboratoriedrift)
- Fortrinnsvis 5 års erfaring frå laboratorium med relevant analytisk virksomhet
- Det er ein fordel med dokumentert leiarkompetanse og/eller leiarerfaring
- Det er ein fordel med erfaring frå prosedyreskriving, metodevalidering og databearbeiding
- Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Det blir lagt vekt på på personleg egnethet. Du må ha gode samarbeidsevner, jobbe sjølvstendig, vere løysingsorientert, ha høg arbeidskapasitet og arbeidsglede, samt vere ein motiverande faktor for å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Ansvarsbevisst, nøyaktig og strukturert
- Interesse for utvikling og forbetringsarbeid
- Gode kommunikasjonsevner
- Evne og vilje til raskt å sette seg inn i nye saksområde
- Ha omtanke for og sjå dine medarbeidarar
- Vilje til å vidareutvikle deg som leiar
Vi tilbyr
- Stillinga er ei dagstilling
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
- Høgt fagleg nivå
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsbakken 49, 5009 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Bioingeniør, Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Seksjonsleiar, Seksjonsleder, seksjon for lege- og rusmiddelanalyser, Laboratorieklinikken
Annonseinformasjon
- FINN-kode 384479056
- Sist endret