Direktør Drift/teknisk divisjon
Helse Bergen
- Frist 05.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Direktør Drift/teknisk divisjon
Vil du bruke din kunnskap og ditt leiarskap til å vidareutvikle ei av Vestland sine største og mest komplekse arbeidsplassar?
Haukeland universitetssjukehus har ansvar for viktige samfunnsoppgåver og forvaltar store ressursar på vegne av fellesskapet. Vi søkjer no ny direktør for Drift/teknisk divisjon som;
- Ønsker å bidra til vidare utvikling av god drift og organisering av sjukehuset gjennom godt leiarskap
- Ønsker å vere ein strategisk samarbeidspartnar for avdelingar og klinikkar på sjukehuset
Drift/teknisk divisjon består av dei fleste ikkje-medisinske avdelingane ved Haukeland universitetssjukehus og har om lag 1400 årsverk og eit brutto driftsbudsjett på to milliardar kroner. Divisjonen forvaltar også ei omfattande investeringsportefølje på om lag ein milliard kroner. Les meir om Drift/teknisk divisjon her.
Vi søkjer ein erfaren leiar som ønsker å ta stafettpinnen vidare etter ein direktør som har hatt ei framtredande rolle i utviklinga av Haukeland universitetssjukehus gjennom fleire tiår.
- Du har eit strategisk tankesett, evner å ta eit heilskapsperspektiv og ser samhandling og synergiar på tvers
- Du arbeider både operasjonelt og strategisk mot krevjande mål
- Du skaper engasjement og trivs med folk
- Du har god formidlingsevne og gjer komplekse problemstillingar forståelege
- Di haldning viser at endring og kontinuerleg forbetring er nødvendig for at sjukehuset til ei kvar tid skal kunne levere kostnadseffektive og gode tenester
Vi ser etter deg som har solid rolle- og økonomiforståing, og evne til å manøvrere i skjeringspunktet mellom politikk og administrasjon. Med naturlig autoritet og gjennomslagskraft vil du leie ei kompleks eining som skal understøtte den kliniske verksemda i føretaket, med høge mål og utfordrande samfunnsoppgåver i tida som møter oss.
Som direktør rapporterer du til administrerande direktør Eivind Hansen, og du blir del av føretaksleiinga ved Haukeland universitetssjukehus.
Arbeidsoppgåver
- Sikre rett utvikling av divisjonen sine tenester som understøtter dei medisinske prioriteringane i sjukehuset
- Vere ein aktiv bidragsytar for å utvikle sjukehuset
- Leie strategi-, verdi- og haldningsarbeid
- Bidra til effektive pasientløp gjennom god planlegging og samhandling internt og eksternt
- Totalansvar for økonomi, personale, drift, fag og kvalitet
- Delta i beredskapsleiinga med ansvar for bygg, infrastruktur og utstyr
- Bidra til at medarbeidarar er engasjerte med ønske om kontinuerleg å forbetre tenestene og eigen arbeidskvardag
- Legge til rette for opplæring, utdanning og innovasjon
- Ta medansvar for at sjukehuset når sine mål
Kvalifikasjonar
- Solid leiarerfaring frå større komplekse organisasjonar
- Høgare utdanning innan teknisk/økonomiske fag/prosjektkompetanse eller anna relevant høgare utdanning fortrinnsvis på masternivå
- Erfaring frå leiing av store og komplekse prosjekter
- God kunnskap og erfaring innan risikovurdering, forbetringsarbeid og -prosessar
- Gjerne innsikt i spesialisthelsetenesta, våre oppdragsgivarar og samarbeidspartnarar
- God munnleg og skriftleg framstilling
Personlege eigenskapar
- Overordna styrings- og gjennomføringsevne
- Inspirerande, involverande og handlekraftig
- Resultat, økonomi- og organisasjonsforståing
- Strukturert og planmessig i arbeidet
- Robust med evne til å være både tydeleg, synleg og ivaretakande
- Viser sjølvinnsikt og klokskap i leiarrolla
- Balanserer refleksjon og analyse med handlekraft
Vi tilbyr
- Ei spennande og utfordrande leiarstilling i eit sjukehus med stort fokus på kvalitetsforbetring og pasienttryggleik
- Gode forsikringsordningar og ei av landets beste pensjonsordningar
- Lønn etter avtale
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Eiendomsutvikling, Ledelse, direktør, Bygg, Forvalting, Strategi
Annonseinformasjon
- FINN-kode 384497758
- Sist endret