LIS2/ Cand.med.
Helse Bergen
- Frist 22.12.2024
- Ansettelsesform Fast
LIS2/ cand.med. Medisinsk avdeling, Voss sjukehus
Voss sjukehus, Helse Bergen har ledig faste stillingar for LIS2 i Indremedisin ved Medisinsk avdeling. For LIS2 tilbyr me spesialistutdanning som dekkjer heile utdanningsløpet i generell indremedisin. Etter fullført spesialisering vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist. Cand.med. kan og søkje og bli vurdert for vikariat dersom det ikkje er kvalifiserte søkjarar. Vikariat vil vere til 31.08.2025 og høver godt for legar som har fullført medisinstudiet og ventar på LIS1 teneste. Ynskjeleg med snarleg oppstart ev. etter avtale.
Medisinsk avdeling
Sjukehuset er ein viktig læringsarena for både cand.med., LIS1 og LIS2/3. Me har eit godt kollegialt miljø og dagleg tverrfaglege samarbeid med andre profesjonar. I vår avdeling står faget i fokus og me legg vekt på gode rammer for læring og faglig vekst. Det er dette som sikrar god og trygg behandling av pasientane våre. Me har sengepost med 20 senger og kort liggetid, i tillegg til høg aktivitet i poliklinikk. Ved visittarbeid er det alltid dedikert overlegeressurs tilgjengeleg
Om Voss sjukehus:
Voss sjukehus har akuttberedskap innan ortopedi, kirurgi, medisin, føde, gynekologi og anestesi. Sjukehuset har hatt stor aktivitetsvekst og ynskjer å fortsetje den positive utviklinga. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar, fordelt på 6 kommunar. I tillegg kjem det fleire pasientar frå Bergen og andre kommunar i indre Sogn.
Sjukehuset er ein del av Helse Bergen HF og har tett fagleg samarbeid med avdelingane ved Haukeland universitetssjukehus. Sjukehuset er under stadig utvikling og har fine lokalitetar. Det er fire godt utstyrte operasjonsstover og sjukehuset har gode støttetenester innanfor anestesi, intensiv/rec., radiologi med CT- og MR lab., fysioterapiavdeling og laboratorium med blodbank.
Arbeidsoppgåver
For LIS2:
- Delta i for tida 6-delt vaktplan
- Visitt
- Poliklinikk
- Rettleiing av LIS1
For cand.med.:
- Visitt på sengepost
- Journalarbeid
Kvalifikasjonar
For LIS2:
- Norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1, eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS 2-stilling i generell indremedisin
- Den som blir tilsett må meistre norsk språk, både skriftleg og munnleg
For cand.med.:
- Cand.med. kan og søkje og bli vurdert dersom det ikkje er kvalifiserte søkjarar
- Norsk autorisasjon som lege
- Den som blir tilsett må meistre norsk språk, både skriftleg og munnleg
- Kjennskap til Dips Arena og Meona er ein fordel, men opplæring vil bli gitt
Personlege eigenskapar
- Du likar å arbeide saman med andre, men synest pasientar og pårørande er dei viktigaste
- Du har interesse og motivasjon for fagfeltet
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Høgt fagleg miljø
- Fagleg og personleg utvikling
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Legge til rette for deltaking på kurs og i undervisning
- Voss sjukehus vil kunne hjelpe til med passande bustad
Me oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 4
- Sted: Sjukehusvegen 16, 5704 Voss
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Indremedisin, LIS
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
LIS2, lege i spesialisering, Cand.med; indremedisin; voss sjukehus, indremedisin, voss sjukehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 384580355
- Sist endret