Kvalitetsmedarbeidar, vikariat
Helse Bergen
- Frist 31.12.2024
- Ansettelsesform Vikariat
Kvalitetsmedarbeidar
Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin er ei avdeling i Laboratorieklinikken og har seks kjernedriftsområde. Blodgivartapping, komponentframstilling, immunologi, flowcytometri, immunhematologi og celleterapi. Hovudarbeidsområda er å skaffe blod, laboratorieanalysar, pasientbehandling, forsking og undervising.
Avdelinga søker etter engasjerte og motiverte medarbeidarar som vil trivast i eit spennande arbeidsmiljø med mange ulike oppgåver. Vi legg til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs. Avdelinga er akkreditert etter standarden NS-EN ISO 15189:2022, sertifisert etter ISO 13485:2016 og JACIE standarden, underlagt fleire forskriftar (Blodforskriften, Forskrift om Celler og vev), produsent av IVD medisinsk utstyr, m.m.
Ved avdelinga er det no ledig eit vikariat som kvalitetsmedarbeidar frå 01.04.2025 til 01.04.2026.
Arbeidsoppgåver
- Utføre oppgåver som blir fordelt av kvalitetsleiar
- Vedlikehald og oppfølging av akkrediteringskrava i ISO 15189
- Vedlikehald og oppfølging av kvalitetskrava i Blodforskriften, JACIE, ISO 13485 og andre relevante standardar og føresegner
- Utføre internrevisjonar
- Bidra ved eksterne bedømmingar, revisjonar og tilsyn
- Jobbe aktivt med, og ha ansvar for ei rekke aktivitetar og system innanfor kvalitet
- Halda seg oppdatert innanfor stillinga sitt fagfelt
- Andre arbeidsoppgåver kan vere aktuelt
- Kvalitetsmedarbeidar rapporterer fagleg til kvalitetsleiar
- Administrere prosjektarbeid og avtaleforvaltning
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør eller annan relevant utdanning på høgskole /universitetsnivå
- Erfaring frå kvalitetsarbeid og i kvalitetsstyringssystem
- Erfaring frå utvikling av rutinar og prosedyrar vil bli lagt vekt på
- Erfaring med Synergi (avvikssystem) og Elektronisk kvalitetshåndbok vil bli lagt vekt på
- Gode datakunnskapar
- Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
- Må meistre norsk munnleg og skriftleg på eit nivå som gjer ein i stand til å utføre aktuelle arbeidsoppgåver og kommunisere med kollega i arbeidssituasjonen
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner og vere samarbeidsvillig
- Handlings- og løysingsorientert
- Resultatorientert
- Nøyaktig, sjølvstendig og strukturert
- Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
- Evne til å ta avgjerder og sikre gjennomføring
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Trivast med å jobbe i eit tverrfagleg team
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
- Dagarbeid med moglegheit for fleksibel arbeidstid
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Bioingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
bioingeniør, kvalitetsmedarbeider, laboratorie
Annonseinformasjon
- FINN-kode 384582984
- Sist endret