Regnskapskonsulent
Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 25.12.2024
- Ansettelsesform Vikariat
Regnskapskonsulent
Har du lyst til å arbeide saman med oss? Seksjon for løn og rekneskap søkjer no ein engasjert medarbeidar innan løn- og rekneskapsarbeid i ei 100 % stilling med arbeidsstad i Molde.
Løn- og rekneskapsseksjonen er ein del av økonomiavdelinga i Helse Møre og Romsdal. Seksjonen er ei spanande eining som leverer økonomitenester av høg kvalitet i ERP-systemet SAP og lønssystemet SDWorx. Hovudkontoret for løn og rekneskap er lokalisert i Molde og har i dag 22 tilsette.
Tilsetjing vil skje fortløpande.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert skanna og lasta opp som vedlegg til CV-en din.
Arbeidsoppgåver
- Behandling av innkjøpsordre
- Utsending og bokføring av inngåande fakturaer
- Utlegg frå tilsette
- Andre rekneskapsoppgåver der det er behov for hjelp
- Arbeidsoppgåver vil bli tilpassa utdanning og erfaring
Kvalifikasjonar
- Fullført eller påbegynt økonomisk utdanning
- Erfaring frå rekneskapsoppgåver er ein fordel
- Gode generelle IT-kunnskapar
- Nyutdanna vert oppfordra til å søkje
Personlege eigenskapar
- Ansvarsbevisst og påliteleg
- Evne til å stå på når det er behov
- Positiv og imøtekomande
- Evne til å kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg
- Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjing
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Om arbeidsgiveren
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
- Sektor: Offentlig
- Sted: Julsundvegen 47B, 6412 Molde
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Regnskap
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 384592969
- Sist endret