Rådgivar (fast stilling)
Kunnskapsdepartementet
- Frist 05.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe med analyse og statistikk?
Om stillinga
Vi har ledig ei fast stilling i seksjon for analyse og kunnskapsgrunnlag. Stillinga inneber å finne fram til og vurdere relevant statistikk og forsking for å belyse problemstillingar som Kunnskapsdepartementet arbeider med.
Som tilsett hos oss er du med på å gi statistikk- og analysestøtte til avdelingane, departementet og politisk leiing. Stillinga vil i tillegg bidra i arbeidet til seksjonen med å følge opp og vidareutvikle forskinga og statistikken for og om kunnskapssektoren.
Kunnskapsdepartementet publiserer dokument på begge målformene for å fremje likestilling mellom bokmål og nynorsk. Søkjarar står fritt til velje om dei vil skrive søknden på bokmål eller nynorsk.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene kan variere over tid, men du vil særleg bidra til
- å finne fram til og trekke ut policyrelevansen av forsking og statistikk
- å vidareutvikle forsking og statistikk som blir brukt i saksbehandling og politikkutvikling i departementet
- dialog med SSB og KDs underliggande verksemder om FOU, statistikkarbeid og analysar for departementet
- samarbeid med dei ulike fagavdelingene i departementet ut fra deira analyse- og statistikkbehov
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
Du må
- ha relevant høgare utdanning på minst masternivå, til dømes innanfor samfunnsvitskap eller økonomi
- ha arbeidserfaring med bruk og formidling av forsking og statistikk
- ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne (norsk og engelsk)
- ha gode samarbeidsevner og evne til å bygge gode relasjonar
- har relevant arbeidserfaring frå offentleg forvaltning
Det er ønskeleg at du har kjennskap til utdanningssystemet og til internasjonal og nasjonal forsiking og statistikk på utdanningsfeltet.
Personlege eigenskapar som gjer søkaren eigna for stillinga, blir vektlagt.
For stilling som rådgivar blir stilt som hovudregel krav om minst to års relevant arbeidserfaring.
For denne stillinga må du kunne autoriserast for nivå AVGRENSA i tråd med føresegnene til tryggingslova. Meir informasjon om autorisasjon etter tryggingslova finst på nettsidene til Nasjonalt tryggingsorgan (NSM): Autorisasjon - Nasjonalt tryggingsorgan (nsm.no) (https://nsm.no/fagomrader/personellsikkerhet/sikkerhetsklarering/autorisasjon/)
Vi tilbyr
Vi tilbyr ein meiningsfull og utfordrande jobb i kryssingspunktet mellom fag og politikk, og høve til å bidra til samfunnsutviklinga. Stillinga legg godt til rette for fagleg og personleg utvikling, og du blir del av eit engasjert fagmiljø. Arbeidsmiljøet i departementet er ope og inkluderande, og vi verdset kompetansedeling og god tilbakemeldingskultur.
Vi tilbyr også
- fleksibel arbeidstid og betalt overtid
- breidt tilbod av faglege og sosiale tiltak og moglegheit for trenining i arbeidstida
- medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne,- forsikrings- og pensjonsordningar
Vi held til i moderne lokale med ope kontorlandskap i Kvadraturen i Oslo sentrum. Du kan lese meir om å jobbe i Kunnskapsdepartementet på regjeringa.no. (https://www.regjeringen.no/no/dep/kd/jobb-i-kunnskapsdepartementet/id2076085/)
Lønn: Stillinga er lønna som rådgivar) frå kr 600 000 - 740 000 pr år. Stillings- og lønnsinnplassering heng saman med erfaring og kvalifikasjonar.
Frå lønna går 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Mangfald og inkludering
Kunnskapsdepartementet er oppteke av inkludering, likestilling og mangfald, og ønsker å vere ein arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv, for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av alder, kjønn, seksuell orientering, funksjonsevne, hol i CV og etnisk bakgrunn. Kunnskapsdepartementet er ei IA-bedrift, og i dette ligg det blant anna at vi vil sørge for tilrettelegging på arbeidsplassen dersom det trengst. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske og fysiske hjelpemiddel eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Alle kvalifiserte søkarar vil bli vurderte.
VVi oppfordrar deg som har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn til å krysse av i aktuell kategori. Avkryssingar i jobbsøkarportalen er grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer om i årsrapportane.
Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/nyhetsarkiv/endring-i-forskrift-i-statsansatteloven-gjor-det-enklere-inkludere?size=n_20_n).
Slik søker du
Send søknaden din elektronisk via lenka «Søk stillinga» på denne sida. Vitnemål, attestar, etc. skal registrerast i portalen. Vi ber om at du hentar ut ein digitalt signert PDF frå Vitnemålsportalen (https://www.vitnemalsportalen.no/) med utdanningsresultata dine, og lastar han opp når du søker på stillinga. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).
I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at namn kan bli offenteggjort sjølv om ein søkar har bede om å ikkje bli førd opp på søkarlista. Søkaren vil i så fall bli orientert om dette på førehand.
Kontaktperson
For nærare opplysningar om stillinga kan du kontakte avdelingsdirektør Håkon Kavli, tlf.: 905 60 810, e- post: hka@kd.dep.no
Om arbeidsgiveren
Kunnskapsdepartementet har ansvar for barnehage, grunnskule, kulturskule, vidaregåande opplæring, fagskule, høgare utdanning, voksnes læring, kompetansepolitikk og forsking. Departementet har òg overordna styring, kontroll og tilsyn med ei rekke underliggande etatar og verksemder. Kunnskapsdepartementet har om lag 300 tilsette fordelte på seks avdelingar, kommunikasjonseining og staben til departementsråden.
Arbeidet til departementet bygger på verdiane profesjonalitet, openheit og gjennomføring. Meir informasjon om departementet finst på www.regjeringa.no.
Avdeling for fellestenester og strategiske satsingsområde koordinerer og er pådrivar for departementets arbeid med digitalisering, kunnskapsgrunnlag, styring og samordning. Avdelinga koordinerer og kvalitetssikrer òg arbeidet til departementet med statsbudsjettet og
økonomiforvaltning, ivaretek sektoransvaret for forsking og statistikk, og har ansvar for personalpolitikken til departementet, utviklinga til organisasjonen, arkiv, intern IKT, kontorstøttefunksjonar, drift av lokale og tryggleik og beredskap.
Det er fem seksjonar i avdelinga: seksjon for HR, seksjon for dokumentasjon, drift og rekneskap, seksjon for tenester og tryggleik, seksjon for
digitalisering, budsjett og styring, og seksjon for analyse og kunnskapsgrunnlag.
Seksjon for analyse og kunnskapsgrunnlag har ansvar for utvikling og bruk av det kunnskapsgrunnlaget som politikkutviklinga i departementet og tenesteproduksjonen i sektoren skal bygge på. Seksjonen koordinerer arbeidet med forsking og statistikk på heile utdanningsfeltet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kirkegata 18, 0032 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Analyse, Saksbehandler
Annonseinformasjon
- FINN-kode 384593272
- Sist endret