Juridisk seniorrådgjevar/advokat
Vestland fylkeskommune
- Frist 05.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Juridisk seniorrådgjevar/advokat
Har du lyst til å jobbe som juridisk seniorrådgjevar/advokat i juridisk seksjon i Vestland fylkeskommune?
Juridisk seksjon har som overordna ambisjon å dekke det aller meste av Vestland fylkeskommune sitt rettshjelpsbehov. I dette ligg å synleggjere og tilby kompetent juridisk rådgjeving for heile Vestland fylkeskommune.
Det lyses ut ny stilling med fagfelt entreprise/kontrakt for å styrke vår kompetanse og kapasitet ovanfor avdeling for Eigedom og utbygging ved seksjon Bybanen utbygging. Stillinga er lagt til Bergen.
I juridisk seksjon vil du bli del av et stort juridisk fagmiljø med 11 juristar og 5 advokatar inkl. seksjonssjef. I seksjonen ligg også politisk sekretariat.
Av sentrale oppgåve er handtering og oppfølging av kontraktsforhold knytt til komande entreprisekontrakter som skal kontraherast. I tillegg er det behov for ulike juridiske og kontraktsmessige avklaringar på gjeldande avtaler/kontraktar
I tillegg til det som står ovanfor vil det vere særskild fokus på å etablere samarbeidskontraktar med andre etatar og interessentar. Disse avtalane regulera arbeidsform og kostnadsfordeling mellom partane og har stor betyding for handtering av grensesnitt mellom partane. Dertil kjem arbeid med garantiar på BT4, gjennomgang av reguleringsføresegn og gje rådgjeving i andre saker hjå avdeling for eigedom og utbygging.
Vestland fylkeskommune skal utvikle gode lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei som brukar våre tenester skal oppleve ei fylkeskommune med høg kvalitet.
Då juridisk seksjon har heile Vestland fylkeskommune som oppdragsgjevar vil det også vere aktuelt med oppgåve for avdeling for infrastruktur og veg, avdeling for mobilitet og økonomi og avdeling for organisasjon og økonomi.
Arbeidsoppgåver
- Juridisk seksjon skal ta i vare avdeling og eigedom ved bybanen utbygging sitt rettshjelpsbehov knytt til handtering og oppfølging av kontraktsforhold knytt til komande entreprisekontrakter som skal kontraherast. Det er vidare behov for ulike juridiske og kontraktsmessige avklaringar på gjeldande avtaler/kontraktar
- I tillegg til det som står ovanfor vil det vere særskild fokus på å etablere samarbeidskontraktar med andre etatar og interessentar. Disse avtalane regulera arbeidsform og kostnadsfordeling mellom partane og har stor betyding for handtering av grensesnitt mellom partane. Dertil kjem arbeid med garantiar på BT4, gjennomgang av reguleringsføresegn og gje rådgjeving i andre saker hjå avdeling for eigedom og utbygging.
- Då juridisk seksjon har heile Vestland fylkeskommune som oppdragsgjevar vil det også vere aktuelt med oppgåve for avdeling for infrastruktur og veg, avdeling for mobilitet og økonomi og avdeling for organisasjon og økonomi.
Kvalifikasjonar
- Krav om juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap
- Erfaring med aktuelle arbeidsoppgåver
- Ønskjeleg med erfaring og kompetanse innan forhandling og tvisteløysing
- Ønskjeleg med erfaring med å gje råd om verknad og konsekvens for innretting i samband med endring i rettsreglar.
Personlege eigenskapar
- Positiv og omgjengeleg som person
- Serviceinnstilt
- Gode samarbeidsevner
- Sterk på prioritering for å sikre levering innan fastsett frist
Vi tilbyr
Positivt og inkluderande arbeidsmiljø prega av rause kollegaer og godt humørEit stort fagleg fellesskap med ein variert, spennande og om omfattande portefølje Lønn etter avtale
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
- Bransje: Juridiske tjenester, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Advokat, Jurist
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Entreprise, Kontrakt, Anskaffelse, Advokat, rådgivning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 384611913
- Sist endret