Driftsoperatør - settefiskanlegg
Eide
- Frist 2024-12-31
- Ansettelsesform Fast
Me søkjer driftsoperatør til vårt settefiskanlegg i Hålandsdalen
Eide er eit familieeigd selskap, og ein av pionerane i havbruksnæringa. Me har ein visjon om å setje standarden for framtidas havbruk. For å nå denne visjonen er me avhengige av dyktige og motiverte kollegaer.
Me øker kapasiteten og treng dermed ein ekstra ressurs til settefiskanlegget vårt i Eidestøa. Ved settefiskanlegget vert rogn klekka i eige klekkeri, før fôringa startar i kar på land og seinare i anlegget i Skogseidvatnet.
Om rolla
Som driftsoperatør hos oss vil du vere viktig i arbeidet med å nå verksemdas visjon og målsetningar. Det inneberer at du vil delta i utviklinga av selskapet og spesielt i å finne god arbeidsmetodikk ved lokalitetane. Som driftsoperatør bidrar du aktivt inn i den daglege drifta på anlegget. Du vil også delta i den gjeldande vaktordninga.
Eksempel på arbeidsoppgåver:
- Fôring og stell av fisk
- Større arbeidsoperasjonar som vaksinering, sortering, levering av smolt osv.
- Forfallande vedlikehald av utstyr og anlegg
- Orden, reinhald, og smitteforbyggande arbeid
- Vere med og forbetre verksemda sine kvalitetssystem
Kven er du?
Me ser etter deg som har fagbrev/utdanning innan akvakultur, men anna relevant erfaring vil også vurderast til stillinga. Dine personlege eigenskapar er like viktige som di erfaring og kompetanse. For oss er det viktig at du deler og identifiserer deg med våre verdiar. Du vil bli ein del av laget, samarbeidsevne er derfor veldig viktig.
Ynskja eigenskapar:
- Motivert for å jobbe med fisk og oppdrett
- Er opptatt av berekraft, fiskehelse og å bidra til god produksjon
- Bidrar til god HMS-kultur og arbeider strukturert
- Arbeider sjølvstendig og viser initiativ
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Relevant fagbrev/utdanning
Eide tilbyr:
I Eide tør me å satse, på visjonar og på folk. Me bryr oss om kvarandre, fisken vår, og miljøet me driv og leverer i. Som vår nye driftsoperatør vil du vere ein viktig lagspelar og bli ein del av eit godt arbeidsmiljø.
- Konkurransedyktige vilkår
- Jobb i ei framtidsnæring, og i eit selskap som tør å satse
- Varierte og interessante arbeidsoppgåver
- Eit arbeidsmiljø der både tryggleik og arbeidsglede er viktig.
Søknadsinformasjon
Me ynskjer deg velkomen til å sende inn søknad, cv, og relevante dokument. Har du spørsmål knytt til stillinga, ta kontakt med: Driftsleiar Frøydis Dale / froydis.dale@efb.no / 91861087, eller HR-leiar Mari Lundal / mari.lundal@efb.no / 40628743
For meir informasjon om selskapet, sjå våre nettsider og sosiale medium www.efb.no.
Søk i dag og bli ein viktig del av vår spanande reise for å setje standarden for framtidas havbruk
Om arbeidsgiveren
The people working at Eide are our backbone. Their concern is for the fish, each other, and the future. Every year we sell approximately 4,5 million salmon to markets all over the world. That’s 90 million meals! We are currently working towards further developing our offering and aim to sell a wide variety of healthy and sustainable seafood products in the future.
Salmon Eye opened on September 2nd 2022, and is a state-of-the-art monument in the middle of the spectacular Hardanger Fjord. Salmon Eye is a forum meant to inspire and inform the world on how to better feed the planet with sustainable seafood. Visually stunning, with it’s double curved ellipsoid design, Salmon Eye is one of the world’s largest enterable floating art installations. Our aim is to see aquaculture in a new evolutionary way.
Eide Sustainable Marine Technology is currently developing break-through innovations within aquaculture. The new WaterMoon technology is developed in ESMT and is an important strategic part of the Eide group, enabling us to produce in a revolutionary way. The initiative will enable a paradigm shift in our industry and set a new standard for aquaculture.
At Eide we have a flat organizational structure, and you will join a very innovative and forward-thinking team. The Eide group is characterized by goal orientation and a strong sports mentality, and we believe that hard work and fun goes hand in hand. Our passion for producing healthy, sustainable, and tasty seafood for ours and future generations is visible throughout our organization.
To learn more about us visit us at www.efb.no
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Privat
- Sted: Støavegen 98, 5640 Eikelandsosen
- Bransje: Fiskeri og oppdrett
- Stillingsfunksjon: Driftsoperatør/vaktmester
Nøkkelord
Driftsoperatør, Settefiskanlegg
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 384612455
- Sist endret