Nattevaktstilling
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
- Frist 09.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Nattevaktstilling
Tilrettelagte tenester, for tida ved avdeling Hellemyra Bufellesskap, har frå snarast ledig 100 % fast stilling på natt.
Stillinga er i gjeldande turnus med arbeid kvar 4. helg (langvakt på helg)
Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar. Tenestene består av 9 bufellesskap og 2 dagsenter.
Hellemyra Bufellesskap som ligg i Eikelandsosen, er eit bufellesskap med 5 tenestemottakarar med ulike bistandsbehov, i hovudsak personar over 18 år. I tillegg har bufellsskapet ansvaret for oppfølging av heimebuande tenestemottakarar.
Arbeidsoppgåver
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar og på natt kunna delta i nattlege gjeremål, vera observant og våken.
Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
Kvalifikasjonar
Fagarbeidar med autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar, omsorgsarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar. Søkjarar under sosial- og helsefagleg utdanning eller med relevant erfaring og kompetanse, er også ønskjeleg. Det vert lagt stor vekt på dine personlege eigenskapar, og kjennskap til brukargruppa er ein fordel.
- skaper gode relasjonar, tillit og tryggleik
- ønskjer å vera ein del av eit spanande arbeidsmiljø
- ønskjer utfordringar
- er sjølvstendig og har opparbeida deg gode samarbeidsevner
- lyttar med respekt.
Utlandsutdanning må vere godkjend av Direkotratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar med tillegg i årsløn for nattstillingar.
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier
Nøkkelord
helsefagarbeidar, nattstilling, natt, fagarbeider, heltid
Annonseinformasjon
- FINN-kode 384624950
- Sist endret