Psykologspesialist
Helse Bergen
- Frist 31.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Psykologspesialist
Kronstad Distriktpsykiatrisk Senter (DPS) held til ved Danmarksplass. Kronstad DPS er i utvikling, og vi er heile tida opptatt av å tilpasse oss deiendringar vi ser i behova retta mot oss. Vi har oppretta eit fagteam forspiseforstyrringar, og eit fagteam for nevroutviklingsfortyrringar. Vi har etablert eit FACT Allmennteam som første i vår region, og vi har eit Tidleg Avklaringsteam som harspesialistar i front for vurdering av kompliserte eller uklare tilvisingar.
Kronstad DPS er delt inn i fleire seksjonar, herunder to storeallmennpoliklinikkar som har ansvar for bydelane Bergenhus, Årstad ogYtrebygda. Poliklinikkane er bemanna med god fagleg breidde, deroverlegar, psykologspesialistar og psykologar, psykiatriske sjukepleiarar ogsosionomar inngår. Vi har også jobbspesialistar frå NAV tilknyttapoliklinikkane. I tillegg har vi jamnleg både legar i spesialisering ogpsykologstudentar i praksis.
Kronstad Allmennpoliklinikk 1 har ei ledig stilling for psykologspesialist!
Poliklinikkane har fleire medarbeidarar med fordjuping og spisskompetanse innanmellom anna psykodynamisk terapi, kognitiv terapi, sensorimotorisk terapi,emosjonsfokusert terapi, m.m, i tillegg til at fleire medarbeidarar harvidareutdanning innan andre spesifikke utgreiings- og behandlingsmetodar.Poliklinikken har òg fleire tilsette med forskingskompetanse. Totalttreng vi kompetanse for å greie ut og behandle ein pasientpopulasjon medvarierte vanskar; traume, autismespekter forstyrringar, ADHD, angst, depresjon,alvorlege affektive lidingar, personlegdoms-utfordringar m.m.
Som eit ledd i å forbetre tenestene våre, og samtidig forbetre kvardagen for den einskilde behandlar, har vi ved Kronstad DPS innført "Nypoliklinisk kvardag". Dette inneber mellom anna at alle behandlarar harein dag i veka som kan nyttast til arbeid som ikkje inneber direktepasientkontakt.
Vidare har alle spesialistar ein dag avsett for å veretilgjengelege for ikkje-spesialistane når det til dømes er nødvendig meddrøftingar, felles konsultasjonar med pasientar eller anna arbeid som er nødvendig å bidra inn i med spesialistkompetanse. I 2025 startar vi også opp med eit systematisk opplæringsprogram spesielt retta mot medarbeidarar som ikkje er spesialistar. Dette programmethar som føremon å sørge for at alle har tilstrekkeleg kunnskap til å utførearbeidet i poliklinikkane i tråd med gjeldane lovar og regelverk, og samstundesbidra til å kontinuerleg auke kompetansen vi sit med kvar for oss og saman. Sompsykologspesialist i poliklinikk vil du også få oppgåver knytta til detteopplæringsprogrammet og såleis vere ein verdfull bidragsytar til at vi aukarkvaliteten på tenestene våre.
Stillingaer ledig etter nærare avtale.
Arbeidsoppgåver
- DPSane i psykisk helsevern er i utvikling, og den som blir tilsett må rekne med å vera delaktig i denne utviklinga. Vi er opptatt av å gje pasientar rett hjelp til rett tid, å differensiere mellom ulike typar av behandling, og å gje rett omfang av hjelp til den enkelte pasient, samstundes som ein syter for at alle som treng hjelp, får hjelp
- Dette krev ei viss prioritering av ressursane klinikken styrer over. Spesialistar som er tilsett vil òg måtte ta i vare spesialistansvaret for pasientar der hovudbehandlar ikkje er spesialist. Som universitetsklinikk har vi jamleg studentar i praksis, og i føretaket utdannar vi psykologar og legar i spesialisering. Rettleiing av desse, er ein del av dei arbeidsoppgåvene spesialistane i seksjonen må pårekne. Det kan og påreknast å veilede psykologar i andre seksjoner ved DPSet
- Samarbeid med andre delar av behandlingsapparatet både internt og eksternt vil vere viktige arbeidsoppgåver. Det same gjeld samarbeid med pårørande i enkelte tilfelle, og med instansar som NAV, skule og/eller arbeidsgievar i nokre tilfelle
- Hovudoppgåver vil i poliklinikkane vere utgreiing, diagnostisering og behandling av tilviste pasientar med eit breitt spekter av ulike psykiske lidingar. I SAT vil hovudoppgåvene vere vurdering og handtering av akuttilstandar, deriblant kortvarig behandling/stabilisering gjennom krise, vidare tilvising til høgare (t.d. døgnpost), same (t.d. poliklinikk) eller lågare omsorgsnivå (t.d. kommunal helseteneste)
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett må framlegge norsk autorisasjon som psykolog
- Den som blir tilsett må vere godkjend spesialist i klinisk psykolog med vaksne/spesialist i klinisk psykologi med fordjuping i psykoterapi/erfaren psykolog med kort tid igjen av spesialiseringsløpet. Psykologar med andre spesialitetar kan også vere aktuelle for stillinga etter nærmare vurdering
- Klinisk erfaring innanfor ein allmennpsykiatrisk/poliklinisk pasientpopulasjon er ein fordel
- Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg. Språkkunnskapar og ferdigheitar utover norsk vil vere ein fordel
Personlege eigenskapar
- Motivasjon og interesse for arbeidsform og fagområde. Nærare opplysningar om korleis vi jobbar allmennpoliklinisk på Kronstad DPS kan gisved henvendelse
- God fagleg vurderingsevne, og evne til å arbeide målretta og strukturert. Sompsykologspesialist hos oss vil du måtte pårekne å foreta vurderingar avpasienter som du ikkje kjenner godt sjølv. Det er difor nødvendig at du kanbistå andre behandlarar på ein fagleg trygg, målretta og strukturert måte
- Evne til å jobbe både sjølvstendig og i team blir vurdert som særs viktig. PåKronstad DPS er vi opptatt av at arbeid i team skal løyse oppgåver som berre eitteam kan løyse. Det er difor viktig at du meistrar både sjølvstendig arbeid ogarbeid i team
- Vi jobbar tverrfagleg og den som blir tilsett må trivast med ein slik jobbkvardag.Samarbeid både internt og eksternt med kollegaer med forskjellig fagutdanningderfor også forskjellige faglege perspektiv anser vi som særs viktig ognødvendig. Du må derfor både kunne stå trygt i eigne faglege vurderingar,samstundes som du kan forstå og ta hensyn til andres faglege perspektiv som erannleis enn ditt eige
- Vi ønsker oss ein kollega som er engasjert og fleksibel, og som også kan veratydeleg om det er nødvendig
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsferdigheitar ser vi på som viktige for einpsykologspesialist hos oss. Du må kunne komme med gode forklaringar på dinevurderingar og konklusjonar
- Den som blir tilsett må etter ein heilheitsvurdering vera skikka til stillinga
Vi tilbyr
- Stillinga blir lønna etter gjeldande overeinskomst
- Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar
- Vi kan tilby utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
- Vi har eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer både internt i poliklinikken og elles på DPSet
- Vi jobber kontinuerleg med å forbetre tenestene vår og kvaliteten på dei. Det vil difor også vere mogleg å delta i kvalitetsforbetring og tenesteutvikling for den som blir tilsett
Du kan bli bede om å framlegge godkjende kopiar av vitnemål, autorisasjon og kursbevis.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Fjøsangerveien 36, 5053 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykolog
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
psykologspesialist, psykolog, Almmenpoliklinikk 1, Kronstad DPS
Annonseinformasjon
- FINN-kode 384727309
- Sist endret