Sjukepleiar
Helse Fonna HF
- Frist 30.04.2025
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Ferievikar sjukepleiar Haugesund sjukehus
Vi har ledige sommervikariat i desse klinikkane i perioden fra uke 26-33:
- Medisinsk klinikk
- Kirurgisk klinikk
- Klinikk for psykisk helsevern
Skriv i søknaden kva avdeling du ønskjer å jobbe ved (i prioritert rekkefølge). Dette vil bli tatt omsyn til så langt det er mogleg.
Kandidatar som kan jobbe store deler av sommaren vil bli prioritert.
Vi vil behandle søknadar fortløpande, så søk allereie no.
Arbeidsoppgåver
- Observasjon, behandling, stell og pleie til pasientar
- Medikamenthåndtering og andre sjukepleieprosedyrar
- Håndtere medisinsk teknisk utstyr
- Samhandling med primærhelsetjenesta
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Du må ha kunnskap innan relevant medisinsk-teknisk utstyr
- Må ha gode IKT-kunnskapar
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå.
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- kan arbeide sjølvstendig
- er god på å prioritere i stressande situasjonar
- har gode samarbeidsevner og er fleksibel
- trivst med å jobbe i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
Vi tilbyr
- Moglegheit for opplæringsvakter i forkant
- Stillingsstorleik etter avtale
- Gode støttefunksjoner
- Varierte oppgåver
- Godt arbeidsmiljø
- Dyktige kollegaer
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 20
- Sted: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Sykepleier, Vikar, Ferie, Sommerferie
Annonseinformasjon
- FINN-kode 384735939
- Sist endret