Sjukepleiar KiH
Helse Bergen
- Frist 10.01.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Sjukepleiar
Kysthospitalet i Hagevik er eit elektivt ortopedisk sjukehus i Ortopedisk klinikk, Helse Bergen, og ligg i Os i Bjørnafjorden kommune. Kysthospitalet er eit spesialsjukehus som i hovudsak driv med protesekirurgi i hofte og kne, samt ryggkirurgi og noko dagkirurgi.
Vi har ledig eit års vikariat som sjukepleiar i 100% stilling (tredelt turnus) på oppvakingsavdelinga frå februar 2025. Etter endt vikariat kan ein få 100% fast stilling i Bemanningssenteret i føretaket.
Arbeidsoppgåver
- Gje god omsorg for pasient i det perioperative forløp
- Samarbeide med andre profesjonar og avdelingar
- Arbeid i tverrfaglege team
- Vere med på å utvikle og forbetre avdelinga
- Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
- Relevant sjukehuserfaring
- Må ha grunnleggande IKT-kompetanse
- Må ha kunnskap om EPJ og andre fagsystem
Personlege eigenskapar
- Strukturert og ansvarsbevisst
- Pasientorientert
- Fleksibel og endringsvillig
- Beslutningsdyktig
- Nøyaktig
- Gode kommunikasjonsevner
- Ha respekt for kvar enkelt pasient
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Godt arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Fagleg og personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Hagaviksbakken 25, 5217 Hagavik
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sykepleier, sjukepleiar, Kysthospitalet i Hagevik, KiH
Annonseinformasjon
- FINN-kode 384744043
- Sist endret