Fast stilling som fagbioingeniør med rekrutteringstillegg MBF- Voss
Helse Bergen
- Frist 05.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Fast stilling som fagbioingeniør innenfor feltet tapping av blodgivarar ved MBF Voss
Ser du etter ein jobb med stor variasjon innan fleire fagfelt, gode utviklingsmoglegheiter og godt arbeidsmiljø? Då er dette jobben for deg!
På Voss kan vi tilby deg dette, og meire til. Voss er ein kommune i Vestland fylke omkransa av flott natur med moglegheit for mange ulike aktivitetar. Opplev norsk natur på sitt beste med turar i fjellet, rafting, paragliding, alpint og rideturar. Voss kommune har om lag 16000 innbyggjarar og har eit rikt kulturliv med mange festivalar som Vossajazz, Osafestivalen og Ekstremsportveko. I juni blir Voss Cup arrangert, ein av norges største barneturneringar i fotball. Kommunen er i vekst og står framfor ei utvikling i åra som kjem. Voss ligg sentralt i forhold til Bergen og fleire destinasjonar på Vestlandet. Per i dag er reisetid til Bergen med tog cirka 1 time og 15 minutt. Med bil brukar du cirka 1 time og 30 minutt.
Ved laboratoriet på Voss sjukehus er det stor variasjon i arbeidsoppgåver, og du vil bli tilført stor fagleg kompetanse på fleire område. Laboratoriet utfører tenester til Voss sjukehus, og bidrar til gode helse- og omsorgstenester til befolkninga i tråd med vårt samfunnsoppdrag.
Laboratoriet ved Voss sjukehus dekker fleire fagfelt som legg til rette for ein variert og utfordrande arbeidskvardag. Vi tilbyr fagfelt innan:
- hematologi og koagulasjon
- klinisk kjemi/immunoassay
- preanalyse og blodprøvetaking
- tapping av blodgivarar og transfusjonsmedisin
- mikrobiologi
Turnus blir satt opp i samarbeid med dei tilsette, og du vil kunne vere med å påverke vakt og helgefordelinga i denne. Det er totalt 15,2 årsverk tilknytta seksjonen som held til i lyse, trivelege lokale på Voss sjukehus. Laboratoriet er akkreditert etter ISO standard 15189.
Det er no ledig fast fagstilling ved MBF-Voss. Fagområdet er knytta til tapping av blodgivarar.
Vi er klare til å inkludere DEG i vårt team ved laboratoriet på Voss sjukehus. Oppstart etter avtale. Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande.
Voss sjukehus er ein del av Helse Bergen HF. Meir informasjon om sjukehuset kan leses ved å følgje lenka: https://helse-bergen.no/avdelinger/voss-sjukehus
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for fagområdet tapping av blodgivarar
- Rekruttering, intervju og tapping av blodgivarar
- Oppfølging og utarbeiding av prosedyrar
- Holde seg oppdatert innenfor fagområdet
- Kvalitetsarbeid knytt til fagområdet
- Rettleiing av studentar og ansatte på seksjonen
- Delta i dagleg rutinearbeid ved seksjonen
- Blodprøvetaking
- Andre oppgåver kan tilkome
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør
- Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
- Ønskeleg med erfaring frå tilsvarende fagfelt
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig , strukturert og ansvarsbevisst
- Fleksibel og endringsvillig
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Må trivast i eit aktivt miljø
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst i Helse Bergen.
- Vaktarbeid
- Rekrutterings- og beholdertillegg på kr. 50 000,-
- Kompetansetillegg på kr. 15 000,-. Kompetansetillegget føreset oppstart med aleinevakter.
- Flytte- og/eller bustadsgodtgjersle på inntil kr. 40 000,- første 12 månader
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Spennande jobb saman med gode kollegaer
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sjukehusvegen 16, 5704 Voss
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Bioingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
fagbioingeniør, MBF Voss, Ledelse av blodgivarar, Voss sjukehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 384820628
- Sist endret