Mekanikar eller teknikar
Frydenbø Bil ASV AS
- Frist 19.1.2025
- Ansettelsesform Fast
Mekanikar eller teknikar på jakt etter nye utfordringar? Frydenbø Bil Førde vil høyre frå deg!
Hos Frydenbø Bil i Førde har vi ei spennande stilling for ein dyktig mekanikar eller teknikar som ønskjer å jobbe med nokre av verdas mest kjende bilmerke. Vi er stolte forhandlarar og merkeverkstad for Volkswagen, VW Nyttekøyretøy, Audi og Skoda – merkevarer som er kjende for innovativ teknologi og høg kvalitet.
Hos oss blir du ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø der samarbeid og trivsel står i fokus. Verkstaden vår er godt utstyrt med det nyaste innan teknologi og verktøy, slik at du får dei beste føresetnadene for å levere arbeid av høg kvalitet og utvikle deg vidare i faget.
Vi set verdiane entusiastisk, ærleg og ansvarleg høgt, og desse pregar kvardagen vår og korleis vi samarbeider og møter kundane våre. Som tilsett i Frydenbø Bil i Førde får du tilgang til Harald A. Møller kompetansesenter, ein av dei beste skulane i landet, med tanke på opplæring og karrieremoglegheiter innan bilfaget.
Arbeidsoppgåver vil vere:
- Service og vedlikehald
- Feilsøking og diagnose
- Reparasjonar og mekanisk arbeid
- PKK
- Montering av ekstrautstyr
Vi ser etter deg som:
- Har fagbrev som bilmekanikar
- Synes teknologi og nyvinningar innan bilbransjen er spennande
- Er nøyaktig, effektiv og løysingsorientert
- Likar å samarbeide og trivst med varierte oppgåver
- Set kundane i fokus og ønskjer å levere førsteklasses service
- Er positiv og imøtekomande
Vi tilbyr:
- Høve til å jobbe med nokre av verdas mest kjende merkevarer
- Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
- Gode utviklingsmoglegheiter innan ny og spennande teknologi
- Konkurransedyktige betingelsar og gode forsikringsordningar, inkludert helseforsikring
- Støtte til trening og rabattar på bil- og båtkjøp gjennom eigarkonsernet
- Tilgang til leilegheiter og hytter på Geilo, Maurseth, Svolvær og Mallorca
Hos Frydenbø Bil i Førde blir du ein del av eit solid selskap med spennande utviklingsmoglegheiter og gode kollegaer.
Kunne dette vere ein interessant jobb for deg? Vi ser fram til å høyre frå deg!
Har du spørsmål eller ønskjer meir informasjon, er du velkomen til å ta kontakt med:
- Servicemarknadssjef Stian Sølvberg, tlf.: 992 05 025 eller e-post stian.solvberg@moller.no
- Servicesjef Aleksander Bruland, tlf.: 992 05 038 eller e-post aleksander.bruland@moller.no
Søknadsfrist: 19.01.2025
Om arbeidsgiveren
Frydenbø Bil er et av Vestlandets raskest voksende konsern og er bilforhandler av Volvo, Polestar, Audi, Skoda og Volkswagen. I tillegg er vi deleier i bruktbilkjeden MyCar. Konsernet hadde en omsetning på NOK 3,4 mrd. i 2023.
I 2022 kjøpte Frydenbø Bil Berge & Co, og Møller Bil Ålesund og Molde i 2023. Frydenbø Bil har nå bilforretninger i Mandal, Kristiansand, Bergen, Førde, Sogndal, Sandane, Stryn, Ørsta, Ålesund og Molde, samt merkeverksted i Måløy og Høyland. Vi er totalt 430 ansatte.
- Sektor: Privat
- Sted: Sanderplassen 1, 6813 Førde
- Bransje: Bil- og bildelproduksjon, Bil, kjøretøy og verksted, Verksindustri
- Stillingsfunksjon: Mekaniker, Mekanikk og installasjon, Teknisk personell
Nøkkelord
mekaniker, bilmekaniker, tekniker, diagnosetekniker, verksted
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 384877059
- Sist endret