Avdelingsleiar personal og organisasjon
Helse Fonna HF
- Frist 02.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Avdelingsleiar personal og organisasjon
Likar du å arbeida med folk, utvikling og organisasjon? Helse Fonna har ledig stilling som leiar for personal og organisasjon. Avdelinga er ein viktig støttespelar og rådgivar for leiinga. Fagområder som ligg til avdelinga er blant anna rekruttering, personalsaker, rådgjeving til leiarar, endring og omstillingsarbeid og leiarutvikling.
Du vil vera ein pådrivar i viktige HR-prosessar og rutiner, samt legga til rette for, og sikre eit godt samarbeid med både tilsette, leiarar og fagforeiningar.
Avdelinga består av 10 kompetente og erfarne personalrådgjevarar. Stillinga rapporterar til HR-direktør og inngår i HR-direktør si leiargruppe.
Arbeidsoppgåver
- Leie og vidareutvikle avdelinga i tråd med gjeldande lover og forskrifter
- Arbeide med personal- og organisasjonsutvikling i Helse Fonna
- Bidra til å skape eit positivt arbeidsmiljø og oppnå gode resultat med dei tilsette
- Sikre profesjonell og effektiv personalforvaltning
- Totalansvar for fag, personell, drift og økonomi for avdelinga
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning
- Relevant leiarerfaring
- God kunnskap om lov og forskrift på fagfeltet
- Gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Gode evner til å bygge relasjoner og nettverk
- Gode leiareigenskapar, modig og med evne til å motivere og inspirere medarbeidarane
- Sjølvstendig, tek initiativ og har god gjennomføringskraft
- Gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
- Evne til å handtere både operative og strategiske problemstillingar
Vi tilbyr
- Eit spanande fagmiljø med engasjerte og dyktige kolleger
- Utfordrande arbeidsoppgåver med moglegheitar for utvikling
- Eit godt og inkluderande arbeidmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg, HR, organisasjonsutvikling og rekruttering
- Stillingsfunksjon: HR, personal og rekruttering, Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
leder, personal, hr, organisasjon, sykehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 384886463
- Sist endret