Reinhaldar
Helse Bergen
- Frist 05.01.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Reinhaldar til vikariat ved Voss sjukehus
Støttetenester, Voss sjukehus som består av reinhald, portør og innkjøp, har eit godt og stabilt fagmiljø med motiverte og hyggelege medarbeidarar. Voss sjukehus har om lag 400 tilsette, og er eit moderne og velutstyrt sjukehus med ulike faggreiner innan spesialisthelsetenesta.
Vi har no ledige vikariat som reinhaldar i 100% stilling frå snarast til 31.12.2025.
Arbeidsoppgåver
- Hovudreinhald
- Reinhald av personalbustadar
- Dagleg reinhald på avdelingar og fellesområde
- Vedlikehaldsoppgåver
- Smittevask
- Vask og reiing av senger
- Arbeidsoppgåver i postkjøkken
- Primært dagvakter, men kvelds- og helgevakter ved behov
Kvalifikasjonar
- Vi søker etter personar med interesse for, og gjerne erfaring frå reinhaldsfaget
- Det er ikkje krav til fagbrev, men vil vere ein fordel
- Det er krav til gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- Gode IKT-kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Vera utadvent og serviceinnstilt
- Jobbe strukturert og effektivt i eit til tider hektisk miljø
- Kunne arbeide sjølvstendig men òg ha gode samarbeidsevner
- Arbeidet er fysisk krevande
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
- Godt fagleg arbeidsmiljø og teamarbeid med motiverte og hyggelege kollegaer
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sjukehusvegen 16, 5704 Voss
- Bransje: Helse og omsorg, Renovasjon og renhold
- Stillingsfunksjon: Renhold
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
renholder, reinhaldar, voss sjukehus, voss
Annonseinformasjon
- FINN-kode 384887353
- Sist endret