Laboratorieansvarleg
Engebø Rutile and Garnet AS
- Frist 19.1.2025
- Ansettelsesform Fast
- Årslønn 730 000 krLønna kan diskuterast med hensyn til erfaringar og kvalifikasjonar.
Bli med på eit historisk industrieventyr – Vi søker ein erfaren laboratorieansvarleg.
Engebø Rutile and Garnet AS, eit dotterselskap av Nordic Mining, er i vekst og startar mineralproduksjon av titanråstoffet rutil i Q4 2024. I den forbindelse treng vi fleire på teamet. Dette er ei stilling som gir deg moglegheit for karriereutvikling, samt kort veg til alt Sunnfjord har å by på.
Prosessen består i å utvinne eklogitt malm frå førekomsten og prosessere denne til mineralkonsentrat av rutil og granat. Hovuddelane av prosjektet består av dagbrots-gruve, prosessanlegg og utskipings-anlegg.
For å styrke teamet søker vi derfor etter ein engasjert og erfaren laboratorieansvarleg til vårt team. I denne rolla vil du ha ansvaret for å sikre at våre laboratorieoperasjonar utførast effektivt, sikkert, og i tråd med gjeldande standard. Du vil vere ein nøkkelperson i å leie teamet og sørge for at forsking- og analyseprosjekt held høg kvalitet.
Dine arbeids -og ansvarsområde vil i hovudsak vere:
Ein god laboratorieansvarleg sikrer at laboratoriet er effektivt og trygt.
- Implementere og overvåke sikkerheitsprosedyrar i laboratoriet.
- Utvikle kvalitetskontroll-prosedyrar og passe på at dei følgast.
- Handtere vedlikehald av laboratorieutstyr.
- Utvikle og oppdatere prosedyrar og dokumentasjon.
- Veiledning og opplæring av laboratorieoperatørar.
- Bidra til forsking- og utviklingsprosjekt.
- Utarbeide rapportar om laboratorieresultat og sikkerheitshendingar.
- Sørge for at relevante lover og forskrifter blir overhalde.
- Personalansvar for laboratorieoperatørar.
- Stråleverns-koordinator.
Du treng sjølvsagt ikkje checke alle boksane, men det er ønskeleg at du har følgande kvalifikasjonar:
- Ingeniør eller fagskuleutdanning innan laboratoriefag, prosess og kjemi, geologi, metallurgi eller lignande. Relevant erfaring kan erstatte manglande formell utdanning.
- Erfaring frå arbeid i produksjonslab vil vere ein fordel.
- Kunnskap om sikkerheitsstandard og kvalitetskontroll i laboratoriet.
- Gode evner til å organisere, prioritere og kommunisere tydeleg, både internt i teamet og med andre samarbeidspartnarar.
- Sunne og gode haldningar til helse, miljø og sikkerheit.
- Van med å bruke IT som dagleg arbeidsverktøy.
- Gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk og engelsk, skriftleg og munnleg
For at du skal lukkast i denne stillinga så er du lærevillig og nysgjerrig. Du evnar å leie, og jobbar godt i team. Du ser ikkje problem, men utfordringar som kan løysast. Om du i tillegg er strukturert og god på å planlegge, ja då er det nettopp deg vi leitar etter.
Kontorstad er på Engebø i heilt nye lokaler og arbeidstid for stillinga er dagtid.
Vi er oppteken av å bygge eit trygt og solid arbeidsmiljø beståande av mangfald og god kultur. Vi skal ha fokus på balansen mellom jobb og fritid. Vi tilbyr ein unik moglegheit med rom for personleg og fagleg kompetanseutvikling.
Du vil ta del i eit rykande ferskt team, beståande av 80 tilsette frå fire forskjellige kontinent med eit spekter av bakgrunn og erfaring. Det er ei jamn fordeling mellom kvinner og menn i organisasjonen, noko vi tør påstå er unikt i vår bransje. Ettersom dette er den første gruva i Norge på over 40 år, står vi alle på same "fjell", der dei færraste har direkte erfaring frå gruvedrift. Fellesnemnaren er at vi alle er motiverte til å skape unike verdiar!
Vi er ei hjørnesteinsbedrift i Sunnfjord. Når det kjem til berekraft er vi allereie veldig gode, men vi gir oss ikkje før vi er aller best. Vi skal og vere heilt i toppsjiktet innan moderne systemløysingar for å skape ein oversiktleg og effektiv kvardag.
Noko for deg? Ja då er det bare å sende inn ein enkel søkand! Vi ser fram til å høyre frå deg!
Vurdering av aktuelle kandidatar, og innkalling til intervju vert gjort fortløpande.
Om arbeidsgiveren
Engebø Rutile and Garnet AS er eit dotterselskap under Nordic Mining ASA. Vi er ei hjørnesteinsbedrift med lokal forankring som driv ei berekraftig, innovativ og viktig mineralutvinning på Engebø i ei av verdas største forekomster av titanråstoffet rutil. I Engebø Rutile and Garnet er vi oppteken av at verdiskapinga skal skje der ressursane er, både når det gjeld å skape lokale arbeidsplassar, utvikle innovative løysingar og bidra i lokalsamfunnet. Folka i organisasjonen er sjølve nøkkelen til å få dette til.
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Privat
- Lederkategori: Fagleder
- Sted: 6817 Naustdal
- Bransje: Industri og produksjon, Metaller og mineraler
- Stillingsfunksjon: Analyse, Kjemiingeniør, Produksjon
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
analyse, nordic mining, kvalitetskontroll, laboratorie, rapportering
(1/10)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385234864
- Sist endret