Konsulent/Spesialkonsulent
Vestland fylkeskommune
- Frist 19.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Konsulent/Spesialkonsulent
Har du lyst å vere med å jobbe i eit fagmiljø som skal utvikle og drifte rekneskapen i Vestland fylkeskommune?
Avdelingsdirektør for organisasjon og økonomi har ledig ein fast stilling som konsulent/spesialkonsulent ved seksjon for økonomi/rekneskap. Stillinga inngår i eit team som arbeidar med rekneskap og rapportering.
Vi søker deg som er systematisk, løysingsorientert og som har gode samarbeidsevner.
Vestland fylkeskommune er ein stor organisasjon med i overkant av 6000 tilsette spreidd over heile fylket. Driftsrekneskapen for 2023 synte i underkant av 17 milliardar i driftsinntekter med eit netto driftsresultat på 857,15 mill.
Vi ser det som viktig å ha dyktige medarbeidarar som i samarbeid med resten av organisasjonen skal sikre at alle rekneskapsdata kvart år blir satt saman til eit årsrekneskap utan vesentlege feil eller manglar. Vi er leiande på område for automatisering og effektivisering ved handsaming av store datamengder knytt til økonomi og rekneskap.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver:
Rekneskapstenester som fakturering, fakturakontroll, remittering, avstemmingar m.m.
Rådgjeving, fagleg støtte og andre hjelpetenester til resten av organisasjonen
Administrering og utvikling av program
Ekstern rapportering
Prosjektarbeid
Ansvar og arbeidsoppgåver vil bli tilpassa den best eigna kandidaten sin samla kompetanse.
Kvalifikasjonar
Kvalifikasjonar:Bachelorgrad innan økonomi og/eller rekneskap. Lang yrkeserfaring innan økonomi/rekneskap kan kompensere for utdanningskravet.
I tillegg til krava ynskjer vi ein person med:
God IT-kompetanse og systemforståing
God skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
I tillegg til det vi har nemnd tidlegare ser vi gjerne at du:Har god kommunikasjonsevne
Er utviklingsorientert, initiativrik og fleksibel
Er sjølvstendig
Er serviceretta og omgjengeleg
Er positiv
Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljøGod opplæring og oppfølging
Fleksibel arbeidstid
Eit triveleg og godt arbeidsmiljø
Løn etter avtale
Arbeidsvilkår, pensjon og forsikringar i samsvar med kommunal tariff. Fylkeskommunen er ei IA-verksemd og arbeida aktivt for å skape eit inkluderande arbeidsmiljø.
Anna informasjon
Vestland fylkeskommune nyttar nynorsk som hovudmål
Alle nytilsette har ei prøvetid på 6 månader
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Askedalen 2, 6863 Leikanger
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Controller, Økonomi og regnskap, Regnskap
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Regnskap, Controller, Økonomi, Administrasjon, Offentlig
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385250586
- Sist endret