Einingsleiar
Stryn Kommune
- Frist 4.1.2025
- Ansettelsesform Fast
Einingsleiar pleie- og omsorgstenester, område Stryn
Vi søkjer ein nysgjerrig, motiverande og samlande leiar som vil vere med på mykje spennande utviklingsarbeid i Stryn kommune dei næraste åra.
Som leiar i pleie- og omsorgstenestene for Område Stryn vil du vere involvert i utbygging av nytt institusjonsbygg, utvikla tenestene med ny teknologi og arbeidsmåtar og vera med på å utvikla gode tenester for brukarane. Det vil vera stadig fleire innbyggjarar som har behov kommunale tenester, dette betyr at endringsprosessar og nytenking står sentralt i ei slik stilling. Det vil vera viktig å ta vare på alt som fungerer godt i dag, samtidig må du ikkje vera redd for å sjå nye moglegheiter i andre arbeidsmetodar, organisering og teknologi.
Område Stryn består i dag av 2 institusjonsavdelingar, 2 avdelingar med heildøgns bemanna omsorgsbustader, heimesjukepleie og heimehjelp, kjøkkendrift og dagsenter. Som einingsleiar vil du ha ein overordna personal- og budsjettansvar, og dessutan hovudansvar for drift, beredskapsarbeid og internkontroll for område. Du vil ha kontorplass ved Stryn omsorgssenter og vera ein del av kommunalsjef for Helse og sosial sin leiargruppe.
Som einingsleiar har du det overordna ansvaret for:
- personal
- budsjett
- internkontroll og beredskapsarbeid
- at tenestene er av god kvalitet og i henhold til gjeldande lover og reglar, samt etaten sine etiske retningsliner
- eiga verksemd og for god samhandling med andre samarbeidspartar for å gje best mogleg teneste til andre
- Relevant helsefagleg utdanning på høgskule og/eller universitetsnivå
- Leiarutdanning og leiarerfaring vil bli vektlagt
Du må ha
- Forståing og interesse for medarbeidardrivne endringsprosessar
- Oppdatert kunnskap om nasjonale mål og relevant lov- og avtaleverk
- God forståing for økonomi- og budsjettarbeid
Dine personlege føresetnadar tilseier at du:
- Kan engasjere, motivere og inkludere dei tilsette til å yte gode tenester
- Har evne til å utvikle eininga fagleg og organisatorisk
- Er opptatt av at alle tenestene og tilsette holder etatens etiske standarder
- Samarbeider mot andre einingar, samarbeidspartnarar og frivillige
- Spennande oppgåver i form av stor innflytelse og deltaking på endringsprosessar og planarbeid
- Et godt arbeidsmiljø med kompetente kollegaer
- God pensjonsordning
Om arbeidsgiveren
Stryn ligg inst i Nordfjord og er ein av dei største turistkommunane på Vestlandet. Høge fjell, fjord, isbrear, elvar og vatn i djupe grøne dalar innbyr til aktivitetar og attraksjonar i verdsklasse.
Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Myrane 18, 6783 Stryn
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
eningsleiar, pleie, omsorg, helse, ledelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385257818
- Sist endret