Operasjonssjukepleiar
Helse Bergen
- Frist 12.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Operasjonssjukepleiar
Ved dagkirurgisk eining har vi ledig 100% fast stilling som operasjonssjukepleiar. Dagkirurgisk eining ved Klinikk for hovud-hals består av 2 operasjonsstover med dagleg drift/dagkirurgi i alle vekedagar fram til kl. 15.30. Helgane er stengde.
Vi driv med ØNH-kirurgi og gjer mange varierte og spennande operasjonar innanfor fagfeltet.
Tilsetting etter nærare avtale.
Arbeidsoppgåver
- Ansvaret for å planlegge og gjennomføring av oppgåver knytt til operasjonspasienten
- Undervise studentar i spesialisering og nytilsette
- Delta i daglege driftsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar og vidareutdanning i operasjonssjukepleie
- Erfaring eller praksis innan ØNH er ønskeleg
- Meistre norsk munnleg og skriftleg
- God IT-kompetanse
Personlege eigenskapar
- Kommuniserer og samarbeider godt i eit tverrfagleg miljø
- Arbeider strukturert og målretta
- Serviceinnstilt og bidrar positivt i arbeidsmiljøet
- Fleksibel og løysingsorientert
- Personlig egnethet vil bli vurdert
Vi tilbyr
- Gode faglege utfordringar innanfor fagfeltet
- Dyktige medarbeidarar med lang erfaring
- Godt og inkluderande arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Operasjon
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Operasjonssykepleier, Operasjonssjukepleiar, Hode-hals, Sykehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385355546
- Sist endret