Undervisningsstilling elektro og datateknologi
Vestland fylkeskommune
- Frist 05.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Undervisningsstillingar elektro
Slåtthaug videregående skole ligg i naturskjønne omgivnader nær Nesttun sentrum. Det er kort veg til buss- og bybanestopp, og vi har Fana Arena og Slåtthaug kunstisbane rett i nærleiken. Skolen har ca 600 elevar fordelt på utdanningsprogramma BA,EL, HO, TIF og påbygging til generell studiekompetanse. Vi har eit mangfaldig elevmiljø og engasjerte tilsette. Her ser vi på alle utdanningsvegar som likeverdige, og er opptatte av at elevane skal oppleve trygg, aktiv læring i alle klasserom og verkstader. Vi søkjer faglærarar til to heile, faste stillingar innanfor programfag på elektro.
Arbeidsoppgåver
Undervisning i programfag på vg1 elektro- og datateknologi og vg2 kulde-, varmepumpe- og ventilasjonsteknikk. Det ligg kontaktlærarfunksjon til stillingane.Kvalifikasjonar
Du har minimum fagbrev og relevant arbeidserfaring innanfor elektro, dataelektronikk, automatisering eller kulde-, varmepumpe- og ventilasjonsteknikk.
Du har gjerne teknisk fagskule eller ingeniørutdanning.
Det er ønskjeleg med undervisningserfaring.
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse. Dette kan takast som etterutdanning.
Du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Du har god digital kompetanse.
Personlege eigenskapar
Du likar å arbeide med ungdom og er ein god rollemodell.Du har ei positiv innstilling og skaper gode relasjonar.
Du ser behova til den enkelte elev.
Du er ein god lagspelar, er god til å samarbeide og deler av kunnskapen din.
Du arbeider strukturert og systematisk.
Vi tilbyr
Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kvalifiseringsstipend for å fullføre pedagogisk utdanning
Tett kollegasamarbeid og god delingskultur
Eit inspirerande og nyskapande profesjonsfellesskap
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Slåtthaugvegen 134, 5222 Nesttun
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Lærer/Lektor, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385369831
- Sist endret