Sykepleier
LOM KOMMUNE
- Frist 19.1.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe som sjukepleiar i smørauga av Jotunheimen?
Aktuelle arbeidsoppgåver:
- Utføre god fagleg sjukepleie ved behandling og oppfylging av pasientar og pårørande, etter gjeldande lovverk, forskrift og kvalitetskrav.
- Tenesteansvarleg for ei gruppe pasienter etter primærkontaktsystemet, og arbeid knytt til oppfylging av dette ansvaret.
- Følgje rutinar i avdelinga og bidra aktivt til forbetringsarbeid.
- Sikre god kommunikasjon og samhandling, både internt i avdeling og tverrfagleg.
- Vaktansvarleg sjukepleiar på enkelte turnusvaktar, og oppgåver knytt til dette.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø.
- Rettleiingsansvar overfor kollegaer og studentar.
- Nytte journalsystemet Profil / Mobil omsorg som eit dagleg arbeidsverktøy til arbeidsplanlegging/utføring av oppgåver, og dokumentasjon etter gjeldande lovverk.
Vi ser etter deg som:
- Er trygg, fleksibel, positiv og motivert.
- Er strukturert, målretta, god til å planleggje og prioritere.
- Er ansvarsfull, løysingsorientert og dyktig til å ta avgjersler.
- Arbeider godt - både sjølvstendig og i team.
- Har stor interesse for faget, og brenn for fagutvikling.
- Har gode kommunikasjonsevner.
- Har endringsvilje og er ein lagspelar.
- Vil vere med på å skape eit godt og trygt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar:
- Offentleg godkjend sjukepleiar.
- Erfaring frå liknande arbeid.
- Ynskjeleg med relevant vidareutdanning.
- Gode norskkunnskaper - både munnleg og skriftleg. Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk.
- Førarkort klasse B.
- Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Vi tilbyr:
- Fast stilling i 100% som sjukepleiar innan heimebasert omsorg (heimesjukepleie) med oppstart 17.03.25, eller etter nærare avtale.
- Arbeidstid etter gjeldande turnus med dag/sein/natt og arbeid for tida kvar 3. helg. Det kan ved turnusendringar i avdelinga blir moglegheit for langvakter kvar 4. helg
- Eit inkluderande, fagleg aktivt og engasjerande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og god takhøgde.
- Ein spennande, sjølvstendig og utfordrande jobb med varierte arbeidsoppgåver og med moglegheit til å utvikle egen arbeidsplass.
- Fagmøtetid i turnus.
- Høgt fagleg nivå på tenestene, med kontinuerleg fokus på fag, kvalitetsbetring og brukartryggleik.
Andre opplysningar:
• Løn etter avtale.
• Kommunale tilsetjingsvilkår.
• Ved interne opprykk kan stillingar i andre stillingsbrøker bli ledige, og tilsetting vil da skje på bakgrunn av søkjarane til denne stillinga.
• Elektronisk søknadsskjema finn du på www.lom.kommune.no
• Namn på søkjarar vil bli gjort offentleg.
• Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju
• Det er krav om godkjent politiattest.
• Søknadsfrist: 19.01.25
Om arbeidsgiveren
Ynskjer du å bu og arbeide midt i vill natur og høge fjell, med tur-, jakt- og fiskemoglegheiter rett utanfor døra? Likar du frisk luft og god plass? Vil du jobbe ein dag, og gå opp på Galdhøpiggen den neste? Då er Lom kommune staden for deg! Kom til Lom for å bu og arbeide i ei kommune med fokus på moglegheiter, utvikling og inkludering. Kom til oss!
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sykepleie, pasientoppfølging, behandling, teamarbeid, arbeidsmiljø
(1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385405955
- Sist endret