Helsesjukepleiar
Bjørnafjorden kommune Førebyggjande helsetenester
- Frist 05.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Er du helsesjukepleier og vil vere med å skape gode tenester til barn, unge og familiar?
Førebyggande helseteneste har ledig følgande stillingar
2 x 100 % fast stilling i skulehelsetenesta
2 x 100% vikariat i skulehelsetenesta f.o.m mars/april - juni 2026 med moglegheit for vidare arbeid og fast stilling
100% vikariat i flyktninghelsetenesta frå d.d. til 31.12.25
I oppvekstfeltet skal vi jobbe saman for å ta heile samfunnet sine ressursar i bruk for å løyse utfordringar og sjå moglegheiter. Våre tenester skal være heilskaplege med barn, unge og føresette i sentrum. For å få dette til er alle tenester til barn, unge og familiar organisert i Familiens hus. Einingane som inngår i Familiens hus er Førebyggande helse, Eining for barn, unge og familiar og Barneverntenesta. Saman med barnehagane og skulane samarbeider vi tett slik at barn, unge og familiar får rett hjelp til rett tid.
Førebyggande helseteneste har 3 avdelingar; avdeling jordmorteneste, avdeling helsestasjon- og flyktninghelse og avdeling skulehelseteneste.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene er knytt til ordinært førebyggande arbeid i skulehelsetenesta og flyktninghelsetenesta etter lovverk, retningsliner og kommunale målsetjingar.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har:
- Godkjent utdanning som helsesjukepleiar eller mastergrad i klinisk sjukepleie med fagområde helsesjukepleie
- Til stillinga i flyktningehelsetenesta kan og sjukepleiere med relevant vidareutdanning og/ eller erfaring frå arbeid inn mot flyktninghelse søke.
- har førerkort klasse B
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse | HK-dir
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Ønska kvalifikasjonar
Vi søker etter deg som:
- Har gode gjennomføringsevner og leverer resultat i samsvar med styringsdokument, mål, handlingsplanar og satsingar
- Har høg arbeidskapasitet, er strukturert og organiserer arbeidet ditt på ein god måte
- Er engasjert og har interesse for fagutvikling, samt vidareutvikle tverrfagleg samarbeid
- Har evne til å jobbe sjølvstendig og i team
- Er brukar- og serviceorientert med ei konstruktiv kommunikasjonsform
- Trivst i eit aktivt og travelt miljø, og bidrar til et godt arbeidsmiljø
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Moglegheit til å vere med å utforme eigen teneste
- Interessante, meiningfulle og varierte arbeidsoppgåver
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Løn etter gjeldande avtalar.
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Kontaktpersonar:
Astrid Gaupholm, Avdelingsleiar flyktninghelsetenesta tlf. 41602082
Tonje Lindborg, Avdelingsleiar skulehelseteneste tlf. 469 37 521
Marita Måge, Einingsleiar Førebyggande helsesteneste, tlf. 988 09 935
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 5
- Sted: Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsesykepleier
Nøkkelord
helsestasjon, ungdom, flyktningar, skulebarn, helsesykepleier
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385407496
- Sist endret