Vil du bygge fremtidens pasientjournal?
Helse Vest IKT
- Frist 6.1.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du bygge framtidas pasientjournal?
Sjå for deg ein kvardag der arbeidet ditt bidreg til at helsepersonell kan ta raskare og betre avgjersler basert på presise og lett tilgjengelege pasientdata. Hos Helse Vest IKT får du moglegheita til å utvikle teknologiske løysingar som gjer ein forskjell – for pasientar, helsepersonell og samfunnet.
Helse Vest IKT forvaltar både kliniske og administrative systemløysingar for alle helseføretaka i Helse Vest. Dette inkluderer alt frå store komplekse regionale system, til mindre, lokale system på dei enkelte sjukehusa. Mange av løysingane er særs kritiske i pasientbehandlinga og stiller strenge krav til oppetid og kvalitet.
Avdelinga Regionalt EPJ Fagsenter har i dag 80 tilsette. Avdelinga forvaltar fleire store og kritiske regionale løysingar i Helse Vest. Seksjon for Felles løysing skal no styrkast innan utvikling av strukturert journal i journalsystemet DIPS Arena. Seksjonen består av fleire team innan både forvalting og utvikling, som mellom anna arbeider med skjemaløysingar som Checkware og forvalting av tenestene levert på Helsenorge og kjernejournal. Vi har no behov for ein ny tilsett i teamet for Strukturert journal. Teamet består i dag av teamleiar og seks utviklarar.
Behovet for strukturert informasjon i pasientjournalar vert stadig større. Målet er å effektivisere innhenting av helseinformasjon for å auke datakvaliteten og gjere informasjon lettare tilgjengeleg for bruk i pasientbehandling, forsking og utvikling.
Arbeidsstader i Bergen, Stavanger, Førde eller Haugesund.
Send oss søknaden din i dag og bli ein del av eit team som utviklar løysingar for ei betre framtid – for pasientar, helsepersonell og samfunnet!
Arbeidsoppgåver
- Du vil vere ein del av eit spesialisert team som arbeider med å utvikle og optimalisere strukturert journal i DIPS Arena. Målet er å effektivisere innhenting og auke kvaliteten på helseinformasjon, samt gjere informasjon lettare tilgjengeleg for bruk i pasientbehandling, forsking og utvikling.
- Utvikling og innovasjon: Bidra til utvikling og implementering av strukturerte journalar i DIPS Arena, med fokus på datasett, klinisk funksjonalitet og brukargrensesnitt.
- Tverrfagleg samarbeid: Jobbe tett med teamleiar, teknologar og helsepersonell for å sikre kvalitet og framdrift i arbeidet.
- Modellering og forvalting av klinisk informasjon: Delta i nasjonal og internasjonal arketypeforvalting og bidra til standardisering av helsedata.
- Prosess- og prosjektleiing: Leie eller bidra til utviklingsløp som involverer ulike fagmiljø og aktørar.
- Strategisk rådgjeving: Gi faglege råd og utvikle avgjerdsgrunnlag for helseføretaka, og bidra i regionale, interregionale og nasjonale initiativ.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning innan IT, helseinformatikk eller tilsvarande (erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning).
- Du har erfaring frå strategisk arbeid.
- Du har erfaring frå prosjekt- eller prosessleiing, gjerne i grensesnittet mellom teknologi og brukarmiljø.
- Du har god teknologiforståing, gjerne med erfaring frå systemutvikling.
- Det er ein fordel med kunnskap om openEHR, SNOMED CT, HL7 FHIR, JavaScript, XML, JSON.
- Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg.
- Kjennskap til journaldokumentasjon og helsesektoren er ein fordel.
Personlege eigenskapar
- Du evnar å jobbe både på detaljnivå og strategisk nivå.
- Proaktiv, løysingsorientert og lærevillig, med eit ønske om å vekse i rolla.
- Du er nysgjerrig, lærevillig og har ei løysingsorientert tilnærming til utfordringar.
- Strukturert og metodisk, med evne til å prioritere og til å levere kvalitet.
- Du er ein lagspelar som bidreg positivt til arbeidsmiljøet og hjelper andre til å lukkast.
- Engasjert og oppteken av å nå felles mål.
Vi tilbyr
- Eit inkluderande arbeidsmiljø der lagspel og samarbeid står i fokus.
- Fagleg utvikling gjennom kurs, sertifiseringar og tilgang til ny teknologi.
- Fleksible arbeidsordningar, inkludert fleksitid og moglegheit for heimekontor.
- Konkurransedyktige vilkår og medlemskap i KLP.
Vi oppmodar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogeleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen
- Flere arbeidssteder: NAUSTDALSVEGEN 5, 6800 Førde, Professor Olav Hanssens vei 7a, 4021 Stavanger, ØVREGATA 126, 5527 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg, IT
- Stillingsfunksjon: Drift/Operations
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
EPJ, journalsystem, DIPS Arena
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385414343
- Sist endret