Bildegalleri
Nesten frelst av Sigvart Dagsland
Trygg handel med Fiks ferdig
Varen blir sendt til deg, og du har 24 timer på deg til å inspisere den før pengene overføres til selger.
Beskrivelse av varen
Olaug Nilssen
SIGVART DAGSLAND har ei av landets desidert Rottaste stemmer og er ein folkekjær artist. At han også er ein «kristen artists, vil han på det sterkaste protestere på, men forfattaren av boka bryr seg ikkje om dette, og gjer site beste for å tvinge han inn i denne ramma. Lukkast ho?
Sigvart Dagsland har i fleire år drive aktiv kyrkjekritikk. Han meiner at ei kyrkje som ikkje er open for alle, er ei kyrkje som ikkje lever etter Jesu bod. Han trur ikkje på synd og helvete og meiner at alle kjem til himmelen uansett kva dei trur. Forfattaren av boka er ikkje kristen, men häpar på å bli det, og blir provosert av at det skal vere så enkelt. Ho gjer sitt beste for å tvinge Sigvart Dagsland til å frelse henne, endå han ikkje vil. Lukkast ho?
Dette er ei utradisjonell portrettbok med ein synleg og aktiv forteljar. På denne måten blir biletet av Sigvart Dagsland tydeleg på ein ny måte. Du får lese om karrieren og musikken hans, men også om leddgikta og korleis han blir hjelpt av alternativ medisin. Han fortel openhjertig om forholdet til mor si, og det blir avslørt korleis han fann saman med kona si, Karoline Krüger.
Sigvart Dagsland framstår som ein engasjert og reflektert mann og artist. Samstundes er han så modig og lite sjølvhøgtideleg at han også vågar å vise at han kan vere usikker, tvile, gjere feil og vere rar.
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 17.12.2024, 20:28 ・ FINN-kode: 385457407