Førstetollinspektør/Rådgiver
Tolletaten
- Frist 08.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Har du interesse for kontroll og oppfølging og kontroll av vareførsel?
Tolletaten har ei viktig rolle som samfunnsbeskyttar, og samfunnsoppdraget vårt er å sikre etterleving av lover og reglar for grensekryssande vareførsel. I tråd med verksemdsstrategien til etaten skal digital dialog og tidleg informasjonsinnhenting gi rask, effektiv og korrekt handtering av varestraumane. Brei og målretta verkemiddelbruk skal bidra til auka etterleving før, under og etter grensepassering.
Vareførselsdivisjonen (VD) skal leggje til rette for korrekt og effektiv inn- og utførsel av varer for både næringslivet og privatpersonar og er etablert med hovudkontor i Bergen. Divisjonen står framfor mange utviklingsoppdrag, og vi er i gang med fleire endrings- og utviklingsprosjekt.
Oppfølgingsavdelinga består av sju seksjonar og har nasjonalt fagansvar for å kontrollere den registrerte vareførselen. Målet er å etablere ein heilskapleg bruk av kontrollverkemiddel retta mot næringslivet for å sikre auka etterleving. Det skal skje i samarbeid med andre einingar og samarbeidande myndigheiter ved å bruke verkemiddel som informasjon, førebygging, etterretning, analyse og sanksjonering.
Seksjonen i Bergen skal gjennom effektive og målretta kontrollar av den registrerte vareførselen i Tolletatens deklarasjonssystem (TVINN) og ved etterkontrollar bidra til at oppfølgingsavdelinga når dei ønskte måla og resultata. Oppgåvene vil vere kontroll i notid og i ettertid, inkludert oppfølging og kontroll av at autorisasjonar og løyve blir etterlevde. I tillegg kontrollerer seksjonen grunnlagsdata og statistiske data, tollavgift, restriksjonar, ulovlege varer og etterleving av regelverk og prosedyrar i den registrerte vareførselen.
Vi søkjer no etter to nye medarbeidarar som har relevant erfaring med å kontrollere og rettleie omkring etterleving av regelverk.
Sentrale arbeidsområde:
- Sikre at regelverk og prosedyrar for grensekryssande vareførsel blir følgde, mellom anna gjennom målretta kontroll av TVINN-deklarasjonar, til dømes ved å vurdere og verifisere deklarerte opplysningar mot framlagde dokument
- Ha kontakt med næringslivet og samarbeidande myndigheiter
- Delta i utviklings- og prosjektarbeid
Arbeidsoppgåvene vil variere i tråd med satsingane og prioriteringane som til kvar tid gjeld for seksjonen. Du må rekne med at det blir litt reising.
Kvalifikasjonskrav:
- du har bachelorgrad innanfor det relevante fagområdet eller tollfagleg utdanning saman med svært god realkompetanse kan erstatte kravet om bachelorgrad.
- du har relevant arbeidserfaring.
- det er ein fordel med kjennskap til TVINN/fortollingsprosedyrar.
- vi vil leggje vekt på kjennskap til og interesse for arbeidsområdet.
- vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi søkjer deg som:
- har gode samarbeidsevner, lyttar og bidreg til godt samarbeid
- liker å ta initiativ og er løysingsorientert
- trivst med å handtere fleire oppgåver samtidig
- er strukturert og leverer innanfor gitte fristar
- er ein positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet
Vi tilbyr:
- eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
- intern opplæring
- fagleg samarbeid både internt, i avdelinga og i Tolletaten
- lønn som førstetollinspektør eller rådgivar, lønnsspenn på kr 520 000-580 000 avhengig av bakgrunn og kvalifikasjonar (for spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast)
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- fleksibel arbeidstidsordning med høve til å bruke ein time i veka til bevegelse i arbeidstida (BiA)
- høve til å leige feriestadene til Tolletaten
- arbeidsstad i moderne lokale i Solheimsviken, Bergen
Du må kunne levere uttømmande politiattest ved tilbod om tilsetjing.
Nærmare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte seksjonssjef Kenneth Rastad på tlf. 928 08 535.
Bakgrunnssjekk
Vi nyttar Semac bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar.
Krav til søknaden
Fyll ut felta «Utdanning» og «Arbeidserfaring» og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Mangfald og inkludering
Tolletaten meiner at mangfald og inkludering er ei styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike bakgrunnar, kompetansar, erfaringar og perspektiv for å løyse vårt samfunnsoppdrag. Mangfald bidreg til auka kreativitet, betre avgjerdsprosessar, større fleksibilitet og styrkjer kulturen og arbeidsmiljøet vårt. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar som har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene bli invitert til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene, må du oppfylle krava til positiv særbehandling. Du kan lese meir om positiv særbehandling på arbeidsgjevarportalen. Dersom du har behov for individuell tilrettelegging på arbeidsplassen eller i arbeidsforholdet, vil vi prøve å imøtekome dette så langt det let seg gjere.
Om arbeidsgiveren
Tolletatens samfunnsoppdrag er å sikre etterlevelse av lover og regler for grensekryssende vareførsel. Vi bidrar til at det skal være lett å gjøre rett, og ved hjelp av etterretning og ny teknologi kontrollerer vi målrettet. Vi tilbyr spennende arbeidsoppgaver i en organisasjon i endring. Etaten har i 2024 en samlet budsjettramme på 1,996 milliarder kroner og ca. 1550 ansatte.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Solheimsgaten 13, 5037 Bergen
- Bransje: Annet, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Annet
Nøkkelord
tolletaten, etterkontroll, tverrfaglig, næringsliv, veiledning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385476618
- Sist endret