IT-konsulent
Bjørnafjorden kommune IT-avdelinga
- Frist 29.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du støtte og vidareutvikle den digitale infrastrukturen til kommunen?
Vi har ledig fast 100% stilling som IT-konsulent.
Som IT-konsulent i Bjørnafjorden kommune vil du ha ei sentral rolle i å støtte og vidareutvikle den digitale infrastrukturen til kommunen. Vi ser etter ein dyktig og engasjert person som trivst med å handtere driftsoppgåver, samtidig som du kan bidra til utvikling og digitalisering, Microsoft 365 er godt implementert i organisasjonen og skal utviklast vidare i framtida.
IT er organisert i Stab og støtte under Kommunedirektøren, og er ein del av HR-avdelinga. Vi er per i dag sju tilsette, IT avdelinga er involvert i drift, digitaliseringsprosjekt og kontinuerleg utviklingsarbeid, samarbeider tett med heile organisasjonen og leverer tenester til 100 ulike lokasjonar
Arbeidsstad
Arbeidsstad vil vere rådhuset på Osøyro, kun nokre minuttars køyring frå Bergen.
Arbeidsoppgåver
- Driftsoppgåver, brukarstøtte og vedlikehald av IT-system, nettverk, Microsoft 365 og klientdrift
- Delta i planlegging, implementering og oppgradering av infrastruktur
- IT-sikkerheit
- Samarbeid med ulike avdelingar for å identifisere, forbetre og implementere digitale løysingar
- Dokumentasjon og internkontroll
Kvalifikasjonar:
- Relevant utdanning innan IT, minimum fagbrev
- God erfaring med IT-drift og vedlikehald av system. Erfaring frå kommunal sektor ein fordel
- Kunnskap om digitale plattformar, nettverk og tryggleik
- Evne til å forstå og balansere behova for både driftsoppgåver og digital utvikling
- Førarkort klasse B
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Personlege eigenskapar:
- Sjølvstendig og proaktiv
- Nysgjerrig og interessert i ny teknologi
- Sterke analytiske ferdigheiter og evne til problemløysing
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å arbeide strukturert og effektivt
- Fleksibel og tilpassingsdyktig
- Open og utadvent
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Organisasjoner
- Sted: Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: IT, Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Drift/Operations, IT-support, Konsulent
Nøkkelord
IT, konsulent, kommune, it-utvikling, it-kompetanse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385487704
- Sist endret