Vikarar i programfag og tysk på studiespesialisering
Vestland fylkeskommune
- Frist 01.01.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Vikarar i programfag og tysk på studiespesialisering
Knarvik vidaregåande skule er ein stor skule med 850 elevar, som ligg like utanfor Bergen.
Du kjem deg raskt ut hit på 30 minuttar med snøggbåt frå Strandkaiterminalen, om du bur i Bergen. Båten er driven av Skyss og kostar det samme som vanleg bussbillett. Det går også direkte ekspressbussar hit frå Bergen bystasjon.
Vi har tre parallellar på studiespesialisering, i tillegg til påbygg og yrkesfagleg studiekompetanse. Vi er og store på yrkesfag.
Arbeidsoppgåver
Vi treng vikarar som får faste oppdrag utover våren, og gjerne også neste skuleår.
Faga vi treng lærarar i no er:
- Tysk
- Psykologi
- Sosiologi
- Sosialkunnskap
- Økonomi
Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning
60 studiepoeng i faget du underviser i (men lektorstudenter kan og søkje)
Politiattest
Personlege eigenskapar
Du må like å jobbe med ungdom!
Skape trivsel og ha fokus på gode relasjonar med elevane
Trives med samarbeid
Like ein fleksibel arbeidskvardag
Vi tilbyr
Løn i tråd med Vestland Fylke sin lønspolitikkOm arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Juvikstølen 9, 5916 Isdalstø
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
vikar, tysk, psykologi, sosiologi
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385488547
- Sist endret