100% fast stilling for vernepleiar/sjukepleiar
Bjørnafjorden kommune Psykisk helse og rustenester
- Frist 05.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Bli ein del av laget vårt! Godt arbeidsmiljø og eit engasjert fagmiljø.
Vi i eining for rus- og psykisk helse har ledig 100% fast stilling som miljøterapeut. Stillinga er i turnus med stort sett dagvakter i vekene og arbeid kvar 4. helg (langvakt).
Arbeidsstad
Stillinga er ein del av einingas ressursbemanning, men er for tida plassert i avdeling Miljø & aktivitet.
Avdeling miljø og aktivitet vart nyoppretta hausten 2024. Det er ei samordning av ambulerande tenester til menneske med utfordringar knytt til psykisk helse- og/eller rus, i tillegg til menneske som av ein eller annan grunn treng oppfølging for å meistre ein kvardag fylt med livskvalitet. Avdelinga er lokalisert ved Vartun Oppfølgingsteneste i Industrivegen 8, men har og ansvar for oppfølging ved Stegen, prestebustaden og på Moberg.
Avdelinga tilbyr ambulerande helsehjelp, oppfølging i eigen bustad og tenester til menneske med ulike utfordringar. Dette kan være rusavhengigheit, psykisk helse eller andre utfordringar som treng oppfølging i kvardagen. Eit av hovudmåla for tenesta er å fremja livskvalitet for tenestemottakarane våre.
Arbeidsoppgåver
Bidra til at brukarane får nødvendig hjelp og gode tenester etter avtalar, lov og forskrift
Bistå brukarane i daglege gjeremål og i ulike aktivitetar
Primærkontaktarbeid, utarbeide planar og delta i ansvarsgrupper
Delta i LAR-behandling
Miljøterapi og praktiske oppgåver
Kvalifikasjonar
Bachelor og autorisasjon som sjukepleiar, eller vernepleiar.
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT-godkjend
Ønskjeleg med vidareutdanning innan psykisk helse- og/eller rusarbeid
Førarkort klasse B
Generelt krev stillinga At du har evne til å koordinere og sjå heilskap i tenestene
At du evner å stå i krysspress og interessekonfliktar
At du ser potensiale for utvikling og er fleksibel i møte med brukarar
At du har god kommunikasjonsevne og er god på å bygge relasjonar
At du viser gode haldningar i møte med tenestemottakarar
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Løn etter gjeldande avtalar
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anordninga ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Helse og omsorg, Miljøtjenester
- Stillingsfunksjon: Psykiatri, Vernepleier/miljøterapeut
Nøkkelord
sjukepleiar, vernepleiar, psykisk, helse, livskvalitet
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385496061
- Sist endret