Samfunnsutviklar - prosjektleiar - 3-årig engasjement
Vestland fylkeskommune
- Frist 09.01.2025
- Ansettelsesform Engasjement
Samfunnsutviklar - prosjektleiar - 3-årig engasjement
Vestland fylkeskommune legg mykje arbeid i å støtte kommunar og lokalsamfunn i deira arbeid med å utvikle seg, både gjennom midlar og faglege råd. Vi har no etablert eit samhandlingsprosjekt der vi skal intensivere arbeidet med ein samordna innsats som er godt tilpassa den einskilde kommune sitt behov for støtte, og vi har i første omgang etablert nærmare samarbeid med sju kommunar. Vi ser etter ein prosjektleiar for denne innsatsen, som vil drive prosjektet i samarbeid med gode kollegaer.
Vi har elles tiltak og prosjekt som er retta inn mot å utvikle kommunar og lokalsamfunn, finansiert med statlege midar til utvikling og omstilling. Vår nye medarbeidar vil også arbeide med prosjektoppgåver og prosjektleiing i samband med denne innsatsen. Vi ser kort og godt etter ein samfunnsutviklar som brenn for å utvikle lokalsamfunna våre. Arbeidsstaden for denne stillinga er helst Leikanger, men for særs kvalifiserte kandidatar kan vi vere opne for å vurdere andre kontorstadar der vi har våre fagfolk - mellom anna Bergen.
Seksjon for naturressursar, landbruk og reiseliv inngår i avdeling for næring, plan og innovasjon i Vestland fylkeskommune. Vi arbeider med landbruk, reiseliv, lokalsamfunnsutvikling, marin sektor, vassforvaltning, vilt og mineral. Fellesnemnaren for arbeidet er å utvikle samfunna våre og forvalte naturressursane på ein god måte.
Arbeidsoppgåver
- Prosjektleiar med ansvar for å drive prosjektet for samordna nærings- og samfunnsutvikling, i samarbeid med gode kollegaer. Gjennom dette arbeidet vil du samordne fylkeskommunen sin innsats overfor dei utvalde kommunane, slik at den er tilpassa den einskilde kommune sine behov.
- Kunnskapsdeling med kommunane, og internt i fylkeskommunen.
- Arrangere samlingar for erfaringsutveksling og læring. Tett arbeid med dei aktuelle kommunane.
- Delta i andre beslekta prosjekt som fylkeskommunen leiar eller er med på.
- Vestland fylkeskommune disponerer også statlege utviklingsmidlar som vert nytta til å styrke kommunane si utviklingsevne, og du vil inngå som prosjektmedarbeidar og prosjektleiar for deler av denne innsatsen.
Arbeidet inneber nær kontakt med kommunane, fagfolka i avdelinga vår og med fagfolk også frå andre fagområde i fylkeskommunen.
Kvalifikasjonar
- Vi ser etter deg som har innsikt i dei aktuelle problemstillingane og eit drivande engasjement for samfunnsutvikling. Du har gjerne ei relevant utdanning på masternivå, men ønsket om mastergrad kan fråvikast for kandidatar som har god og relevant praksis. Den formelle stillingstittelen vert fastsett ut frå utdanning og erfaring.
- Det er ein fordel om du har erfaring frå arbeid med nærings- og samfunnsutvikling.
- Vi set pris på om du kjenner til arbeid og utfordringar i kommunar og gjerne fylkeskommune.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som har desse eigenskapane:
- Gode samarbeidsevner og positiv innstilling
- Evne til å ta initiativ og ansvar
- Kunne arbeide strukturert og sjølvstendig
- Utviklingsretta og løysingsorientert
- Gode formidlingsevner, både munnleg og skriftleg
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn etter avtale.
- Fleksibel arbeidstid.
Har du spørsmål eller berre lyst å høyre meir om jobben? Ikkje nøl med å ringe, vi fortel gjerne.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Askedalen 2, 6863 Leikanger
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Rådgivning, Samfunnsviter
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Samfunnsutvikler, Samfunn, Lokalsamfunn, Vestland fylkeskommune, Samfunnsutvikling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385496992
- Sist endret