100% fast stilling for fagarbeidar
Bjørnafjorden kommune Psykisk helse og rustenester
- Frist 05.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Bli ein del av laget vårt! Godt arbeidsmiljø og eit engasjert fagmiljø.
Vi har ledig 100% stilling som fagarbeidar. Stillinga er i turnus med stort sett dagvakter i vekene og arbeid kvar 4. helg (langvakt).
ArbeidsstadStillinga er ein del av ressursbemanninga i eining rus- og psykisk helse, men er for tida plassert i avdeling Miljø & aktivitet. Avdeling miljø og aktivitet vart nyoppretta hausten 2024. Det er ei samordning av ambulerande tenester til menneske med utfordringar knytt til psykisk helse- og/eller rus, i tillegg til menneske som av ein eller annan grunn treng oppfølging for å meistre ein kvardag fylt med livskvalitet. Avdelinga er lokalisert ved Vartun Oppfølgingsteneste i Industrivegen 8, men har og ansvar for oppfølging ved Stegen, prestebustaden og på Moberg.
Avdelinga tilbyr ambulerande helsehjelp, oppfølging i eigen bustad og tenester til menneske med ulike utfordringar. Dette kan være rusavhengigheit, psykisk helse eller andre utfordringar som treng oppfølging i kvardagen. Eit av hovudmåla for tenesta er å fremja livskvalitet for tenestemottakarane våre.
Arbeidsoppgåver
Bustadsosialt arbeid og buoppfølging
Bidra til at brukarane får nødvendig hjelp og gode tenester etter avtalar, lov og forskrift.
Bistå brukarane i daglege gjeremål og i ulike aktivitetar.
Miljøarbeid og praktiske oppgåver.
Medisindelegasjon og oppfølging av pasientar
Kvalifikasjonar
Fagskule eller fagbrev i helsefag eller anna relevant utdanning på fagarbeidarnivå.
Ønskjeleg med erfaring frå miljøarbeid og/eller arbeid med psykisk helse.
Førarkort klasse B Generelt krev stillinga
At du ser potensiale for utvikling og er fleksibel i møte med brukarar
At du har god kommunikasjonsevne og er god på å bygge relasjonar
At du viser gode haldningar i møte med tenestemottakarar
Personlege eigenskaper vert vektlagt.
Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Løn etter gjeldande avtalar
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Helse og omsorg, Miljøtjenester
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier, Helsepersonell
Nøkkelord
helsefagarbeidar, fagarbeidar, psykisk, helse, livskvalitet
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385499126
- Sist endret