Brannvernleiar
Statens vegvesen
- Frist 2.2.2025
- Ansettelsesform Fast
Vi søkjer engasjert kollega til viktig jobb med stor samfunnsmessig betydning!
Som brannvernleiar vil du få ansvar for ein portefølje særskilde brannobjekt i samsvar med Brann- og eksplosjonsvernloven. Tunnelane varierer i lengd, trafikkmengd og teknisk utstyr og vil auke i talet i takt med oppgraderingar.
Tunneltryggleik er eit viktig område, med stor merksemd, der Statens vegvesen skal ha god kontroll på tilstanden. Det er godt regulert, både nasjonalt og internasjonalt, og som brannvernsleiar vil du bidra til å vareta denne oppgåva og sikre at regelverket blir følgt.
Arbeidsoppgåver:
- ha kontroll på at drifta og organiseringa av tunnelen til kvar tid er i samsvar med kapitel 2 i «Forskrift om brannførebygging»
- kontrollere at det jamleg blir drivne ettersyn/inspeksjon og vedlikehald av installasjonar, teknisk utstyr mm. og at det blir utført eigenkontroll i hht. den branntekniske dokumentasjonen
- delta på tilsynet til brannetatane, stå for korrespondanse med brannetatane og utbetre pålegg
- ajourholde øvingsplan og ha ansvar for at det blir planlagt og gjennomført beredskapsøvingar med rapportering i etterkant. Sikre oppdaterte beredskapsplanar og at desse er kjende for alle som jobbar i brannobjekta.
- sjå til at vedlikehaldsarbeid og bygningsmessige endringar blir utførte i samsvar med gjeldande regelverk
- i samråd med tunnelforvaltaren bestille arbeid/materiell som er nødvendig for brann- og persontryggleiken i tunnel
For utfyllande informasjon, om tryggingsforvaltning og oppgåver, viser vi til Håndbok R511 Sikkerhetsforvaltning av vegtunnelar. (https://www.vegvesen.no/globalassets/fag/handboker/r511.pdf?v=4ad37f)
Stillinga er plassert i område Midt, seksjon Drift, i divisjon Drift og vedlikehald. Seksjonen har driftsansvar for mellom anna ca. 1200 km europa- og riksvegar med 53 tunnelar.
Kontorstad er Steinkjer, Trondheim, Molde eller Ålesund. Geografisk område for brannvernsleiar er Møre og Romsdal og Trøndelag.
Kompetansekrav
Vi ser etter deg som har minimum 3- årig utdanning frå universitet eller høgskule innan relevante fagområde som tunnel, veg, tryggleik, beredskap, risikostyring eller brannfag. Omfattande og relevant erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning.
Førarkort kl. B er eit krav.
Vi føreset at du er god til å formulere deg munnleg og skriftleg og at du har solid digital kompetanse.
Vi legg vekt på at du:
- raskt forstår komplekse spørsmål og tek rasjonelle vurderingar på eige initiativ
- er strukturert og fleksibel og leverer gode resultat av høg kvalitet i tråd med reglar og rutinar
- gjennom å byggje relasjonar skaper gode samarbeidsforhold med alle aktørar
- bidreg med positiv energi og er medvite medansvaret ditt for eit godt arbeidsmiljø
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- fleksitid og gode ordningar for å avspasere
- god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
- moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
- gode moglegheiter for fagleg påfyll
Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Krav til søknaden
Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Positiv særbehandling
Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.
Har du spørsmål om stillinga?
Kontakt leiar Bjørn Ove Rotlid, tlf. 98210956 eller e-post: bjorn.ove.rotlid@vegvesen.no
Om arbeidsgiveren
Statens vegvesen fører an i utviklinga av eit framtidsretta, effektivt, miljøvennleg og trygt transportsystem. Vi byggjer, driftar og held ved like riksvegane i landet, og vi tar vare på heilskapen gjennom det nasjonale ansvaret vårt for beredskap på veg, og ved utvikling av eit tydeleg regelverk og standardar for alle.Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tenester sikrar vi trafikantane og næringslivet ein tryggare, enklare og grønare reisekvardag.
Verksemda vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjonar.
Noko av det viktigaste vi gjer for samfunnet og miljøet er å ta vare på det vegnettet vi allereie har. I divisjon Drift og vedlikehold har vi ansvaret for heilårsdrift av riksvegane, inkludert ferjer. Vi vedlikeheld og utviklar vegnettet, og planlegg og gjennomfører utbetringsprosjekt. Drift og vedlikehald har rundt 880 medarbeidar over heile landet, og ein årleg omsetnad på om lag 16 milliardar kroner.
Les meir om oss her
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sorgenfriveien 11, 7031 Trondheim
- Flere arbeidssteder: JULSUNDVEGEN 9, 6412 Molde, BYAVEGEN 48, 7715 Steinkjer, VESTRE OLSVIKVEG 13, 6019 Ålesund
- Bransje: Bygg og anlegg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Brannsikkerhet, Bygg/Anleggsleder, Ledelse
Nøkkelord
vedlikehold, tunnelsikkerhet, beredskap, sikkerhetsforvaltning, kontroll
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385505710
- Sist endret