Helsefagarbeidar i heimetenesta - 100 % fast stilling
Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester
- Frist 06.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Helsefagarbeidar i heimetenesta - 100 % fast stilling
Er du helsefagarbeidar og vil vere med å bidra til utvikling av tenestene ved Fusa bu- og behandlingssenter og heimetenester er dette jobben for deg! Vi har ledig 100 % fast stilling som helsefagarbeidar frå 01.02.2025.
Stillinga er i turnus, for tida med arbeid 3. kvar helg etter gjeldande avtalar.
Vi er fleksibel med omsyn til stillingsstorleik.
Stillinga er eit vikariat ved heimetenesta gr 1 Baldersheim i 80% og 20 % i ressursbemanning for gr 1 Baldersheim og gr 2 Eikelandsosen fram til 01.09.2025. Etter vikarperiode vil stillinga vera knytta mot ressursbemanning for gr 1 og gr 2 i heile stillinga. Du vil sjølvsagt ha ein fast turnus.
Eininga vår med Fusa bu og behandlingssenter og heimetensta ser på ulike måtar å organisere arbeidet for å sikre kvalitet i tenestene og ha rett kompetanse på rett plass. Vi treng deg som ønskjer å være med å vidareutvikle denne måten å jobbe på og ser moglegheiter framfor begrensingar. Blir du ein del av teamet vårt, får du moglegheit til å være med på endringsarbeidet.
Som tilsett i Ressursbemanningsavdelinga vil du få moglegheit til å bli kjent med alle avdelingar. Dette skapar varierande arbeidskvardagar, brei erfaring og kunnskap innan mange ulike område. Du får jobbe tverrfagleg og blir godt kjent med alle yrkesgrupper. Du må og vere førebudd på å bruka kompetansen din der behovet til ei kvar tid er størst.
Arbeidsstad
Ved oppstart heimetenester gr 1 Baldersheim.
For tida inngår stillinga i gr 1 Baldersheim 80% og ressursbemanning 20% for gr 1 Baldersheim og gr 2 Eikelandsosen
Heimetenesta er delt i avdelingane gruppe 1 Baldersheim, gruppe 2 Eikelandsosen og dagsenter.
Arbeidsoppgåver
- Utøve praktisk pleie og omsorgsoppgåver i heimen som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert teken i vare
- Dokumentera helsehjelp i Profil
- Bidra til god ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid
- Bidra til at interne og eksterne lover, relgar og prosedyrar vert følgt
- Vera pådrivar for planlegging, iverksetting og evaluere tiltak
- Bidra til godt samarbeid med brukar og pårørande
- Halda seg fagleg oppdatert ved bruk av e-læringskurs og intern opplæring
- Den som vært tilsett må jobbe på fleire avdelingar ved behov
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar eller tilsvarande utdanning, anna helsefagleg utdanning og lang erfaring kan bli vurdert
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
- God i norsk, både munnleg og skriftleg
Vi gjer merksam på at du må legga fram politiattest.
Personlege eigenskapar
- Løysningsorientert med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Gode evner til observasjon og dokumentasjon
- God evne til etisk refleksjon over eigen praksis
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Vi er fleksibel med omsyn til stillingsstorleik
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Leitet 28, 5640 Eikelandsosen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier
Nøkkelord
Helsefagarbeider, Hjemmetjeneste, Fusa, Helse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385517472
- Sist endret