Konsulent
Sivilrettsforvaltninga
- Frist 12.1.2025
- Ansettelsesform Fast
Sivilsrettsforvaltninga søkjer ein administrativ medarbeidar som vil vere viktig for vårt sekretariat i Vardø
Er du strukturert og nøyaktig? Bli ein nøkkelperson på vår nye lokasjon i Vardø!
- LES MER om jobben og mulighetene på Heia Nord-Norge – følg lenken til søknad!
Sivilrettsforvaltninga (SRF) er ei verksemd i vekst og utvikling, og vi ser no etter ein engasjert og strukturert førstekonsulent / rådgivar som kan bidra til å styrke vår nye lokasjon i Vardø.
Stillinga er knytt til vår Avdeling for utvikling og verksemdstyring. Oppgåvene vil i stor grad vere tilknytt sekretariatet for Tilsynsrådet for Kriminalomsorga, og inneber varierte administrative oppgåver.
I hovudsak vil arbeidsoppgåvene omfatte administrative oppgåver som handtering av reiserekningar og fakturabehandling. I tillegg vil den vi tilset bidra med noko enklare saksbehandling.
Vi søkjer deg som trivst med sjølvstendige administrative oppgåver og som er fleksibel til å hjelpe der det er behov.
Arbeidsstad er lokala våre i Vardø.
Er du under utdanning og ferdig med studia våren 2025? Då ønsker vi òg gjerne din søknad.
Kva går jobben ut på?
- handtering av reiserekningar, godtgjersler og faktura
- ulike administrative oppgaver etter kompetanse og behov, inkludert enklare saksbehandling
- oppfølging av diverse driftsavtalar
Andre oppgåver kan òg vere aktuelle, og dei konkrete arbeidsoppgåvene kan variere ut frå behova i SRF.
Kven er du?
- vi søkjer fortrinnsvis kandidater med relevant høgare utdanning på bachelornivå. Relevant erfaring eller fagbrev kan kompensere for utdanningskravet.
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- god IKT-forståing
Det er ønskeleg med
- kjennskap til eller erfaring med løns- og fakturasystem som SAP DFØ og Unit4, men du får også god opplæring
- erfaring med sak-/arkivsystem frå offentleg sektor.
- relevant erfaring frå offentleg forvaltning
Vi ser etter ein kollega som
- er løysingsorientert, effektiv og nøyaktig
- kan jobbe sjølvstendig og ansvarsbevisst
- har gode samarbeidsevner
Det vil bli lagt vekt på at søkar er personleg eigna.
Vi tilbyr deg
- ei fagleg utfordrande stilling med meiningsfulle arbeidsoppgåver
- gode moglegheiter for fagleg utvikling
- fleksitid og trening i arbeidstida
- moglegheit for å jobbe frå mobilkontor
- god forsikrings- og pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse
- eit hyggeleg og dynamisk arbeidsmiljø
- Stillingane blir løna etter statens lønsregulativ, avhengig av kompetanse og kvalifikasjonar:
- førstekonsulent (1408): kr 548 600 – 604 900 (lønstrinn 56 – 62)
- rådgivar (1434): kr. 604 900 – 657 300 (lønstrinn 62 – 67)
For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Det blir trekt 2 % lovbestemt innskot til Statens pensjonskasse.
Vardø vert omfatta av ordninga med nedskriving av studielån og skattefordelar for Nord-Troms og Finnmark. Til dømes kan ein få:
- Nedskriving av gjeld i Lånekassen med inntil 60 000 kroner årleg.
- Lågare skatt på alminneleg inntekt
- Lågare toppskatt
- Fritak for forbruksavgift på straum
Andre opplysningar
Vi ønskjer oss mangfald blant våre tilsette og oppmodar alle kvalifiserte til å søkje. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst ein søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen.
I løpet av prosessen kan vi be om vedlegg som vitnemål / karakterutskrift og attestar. Har du dei ikkje klare ved søknad, ver gjerne førebudd på å leggje dei ved seinare.
Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25. Eventuelle ønskje om reservasjon må grunngjevast. Vi varslar deg dersom vi ikkje tar ditt ønskje til følgje.
Ved tilsetjing gjeld 6 månader prøvetid.
Om arbeidsgiveren
Sivilrettsforvaltninga sitt samfunnsoppdrag er å forvalte statlege ordningar på tvers av sivil- og strafferetten som sikrar individets rettar, rettslikskap og bidreg til god rettspleie.
Sivilrettsforvaltninga er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet og har ei brei og variert oppgåveportefølje. Vi har for tida om lag 90 medarbeidarar og held til i sentrale lokale i Oslo, Vardø og på Hamar. Sjå www.sivilrett.no for nærare informasjon.
- Sektor: Offentlig
- Sted: 9950 Vardø
- Bransje: Juridiske tjenester, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Konsulent, Kontor og administrasjon, Sekretær
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
administrasjon, reiseregninger, saksbehandling, fakturabehandling, offentlig sektor
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385528282
- Sist endret