Sjukepleiar og vernepleiar. Faste stillingar ved Avdeling for rusmedisin (AFR)
Helse Bergen
- Frist 05.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Sjukepleiar og vernepleiar ved Dr. Martens og Bergen og Bjørgvin fengsel
Avdeling for rusmedisin (AFR) treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe ved ulike einingar
AFR tilbyr behandling og oppfølging til menneske med rus- og avhengigheitslidingar. AFR satsar også sterkt på forsking ogkvalitetsutvikling innan rushelsetenesta. AFR har om lag600 tilsette og ti kliniske seksjonar som tilbyr avrusing, stabilisering,poliklinikk, døgnbehandling for både kvinner og menn, familieambulatorium,LAR-behandling og ambulante tenester. Vi har også det einaste medikamentfriebehandlingstilbodet i vår region for unge mellom 18 og 40 år.
Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet og du finn meir info lenger nede i annonsa. Oppgi kva avdeling(ar) du søker og når du kan starte i stillinga. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke. For desse stillingane er det krav om Norsk autorisasjon.
* Seksjon Dr. Martens
Tvangspost: har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar eller vernepleiar. Pt 2-delt turnus, kvar 3 helg, dag/ettermiddagsvakter
* Bergen og Bjørgvin fengsel har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar eller vernepleiar. Det vil bli arbeid på dagtid, inkludert arbeid kvar 4. eller 5. helg
Vil du vere med å utvikle eit heilskapleg tilbod til rusavhengige i Bergen og Bjørgvin fengsel?
Vi veit at eit høgt antall innsette i fengsel har utfordringar med rus. Det er viktig at denne målgruppa blir gitt ein verdig medisinskfagleg og rusfagleg ivaretaking når dei kal gjennomføre straff, likeverdig tilbod pasientar får utanfor fengsel.
For å sikre behandlingstilbod til målgruppa skal AFR etablere ein ny poliklinikk i Bergen og Bjørgvin fengsel som skal gi innsette med rusutfordringar eit godt og heilskapleg behandlingstilbod. Tilbodet vil ha eit særleg fokus på perioden etter innsetting, for avrusing, nedtrapping og utarbeiding av sonings- og behandlingsplan, samt perioden inn mot lauslating. Ein slik hengekøyeforma modell vil legge til rette for at innsette med rusutfordringar får kontroll på sin rusbruk, og dermed har moglegheit til å nytte straffegjennomføringstida til opplæring, arbeid og førebuing til livet etter lauslating. Samarbeid med andre instansar i fengselet, som Kriminalomsorg, kommunal helseteneste, Divisjon psykisk helsevern og brukarorganisasjonen Wayback blir viktig.
Arbeidet er eit tett samarbeid med kriminalomsorgen, og her får du ein unik moglegheit til å vere med å bestemme innhald i tilbodet og delta i etablering av ein poliklinikk i fengsel som einaste i landet. Poliklinikken skal ha eit tverrfagleg team som består av mellom anna sjukepleiar, vernepleiar, lege, psykolog og tilsette frå kriminalomsorgen.
Dette er et tilbod som er i etableringsfasen, så her er moglegheitene for å påverke stor.
Ein blir tilsett i 100% fast stilling i AFR, pt ved ein av våre avdelingar. Her kan du lese meir om AFR
Arbeidsoppgåver
Dr. Martens er ein del av Avdeling for Rusmedisin (AFR) i Helse Bergen. institusjonen ligg i Ytre Sandviken. Vi gir tilbod om behandling og oppfølging til menneske med rus- og avhengigheitslidingar. Dr. Martens inneheld for tida ein avrusing/korttidspost, samt ein tvangspost.
Tvangspost: Sengeposten har 4 heildøgns sengeplassar, og pasientgruppa er lagd inn på tvangsvedtak etter Helse- og omsorgstjenesteloven §§ 10-2 og 10-3. Overordna målsetting med opphaldet er avrusing, stabilisering samt motivering og tilrettelegging for frivillig behandling etter avslutta tvangsopphald. Dette kan innebere både å hindra akutt, livstruande skade i nær framtid, og på sikt få pasienten rusfri eller inn i eit tilvære med vesentleg lågare rusmiddelforbruk. Det blir lagt vekt på høg grad av individuell tilrettelegging og brukarmedverknad, og tett samarbeid med pårørande og kommunale tenester/andre tenester. Gravide rusmiddelavhengige er ein del av pasientgruppa vår.
Vi legg vekt på personlege eigenskapar som samarbeidsevne og evne til sjølvstendig, strukturert og målretta arbeid, du har engasjement for målgruppa og engasjement til å prege utviklinga av seksjonen som heilskap. For å oppretthalde samasettinga av personalgruppa oppfordrast menn om å søke.
Kontakt: Hege Ramsli Njøten, Tlf. 94507983 eller Kato Oksnes, Tlf. 92415709
LAR Bergen og Bjørgvin fengsel: Arbeidsoppgåver vil vere; kartlegging og utgreiing, Kartlegge og vurdere behov for avrusing, stabilisering og nedtrapping, samhandling med andre instansar, undervisning, rettleiing av pasientar og samarbeidspartnarar, gruppetilbod og dagleg utdeling av LAR legemiddel og oppfølging. Fagleg innhald i tilbodet er under utarbeiding og andre oppgåver kan tilkome.
Vi ser etter deg som har; engasjement for fagfeltet og pasientgruppa, bidrar positivt til eit fagleg og godt arbeidsmiljø, er fleksibel, tåler uforutsigbarhet og evner å prioritere i stressande situasjonar. Du har god evne til tverrfagleg samhandling, samt evne til jølvstendig arbeid, har gode kommunikasjonsferdigheiter og har god skriftleg formidlingsevne.
Av kvalifikasjonar har du; Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar, erfaring frå arbeid innan spesialisthelsetenesta i rusbehandling eller psykisk helsevern, samt kommunale tenester vil styrke søknaden. Det er krav om utvida politiattest utan anmerkning. Gode språkkunnskapar er helt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må vedleggast.
Kontakt: Mariann Erdal, Tlf. 55214900/ 93894784
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av pasientar, individuelt tilpassa miljøterapi, skape struktur i kvardagen, aktivitet og støttesamtalar. Tverrfagleg samarbeid i team med oppfølgingsansvar som primærkontakt og å bidra til å skape ei trygg postatmosfære med omsorg, støtte og struktur for kvar enkelt pasient
Kvalifikasjonar
- Du har norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar eller vil få dette desember 2024/januar 2025
- Det er ønskeleg med erfaring innan fagfelta Psykiatri/Rus og ein må meiste norsk skriftleg og munnleg
Personelege eigenskapar:
- Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad. Du må vere tolmodig, fleksibel og utholdende og ha evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
- Du evner å kommunisere og samarbeide godt med pasientar, pårørande og kollegaer og du trivst i eit til tider hektisk miljø, har godt humør og ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst og gode pensjons- og forsikringsordningar
- Engasjerte medarbeidarar i ein spennande avdeling med nybrotsarbeid
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykiatri, Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sykepleier, vernepleier, Dr. Martens, Bergen og Bjørgvin fengsel, Rusmedisin
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385532803
- Sist endret