Teknisk saksbehandlar arbeidsvarsling
Statens vegvesen
- Frist 12.1.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe med trafikkflyt og trygge veger?
Vårt fagmiljø betrar trafikktryggleiken og gjer transportsystemet meir effektivt. Vi ønskjer deg som ein viktig ressurs i dette spennande arbeidet. Di hovudoppgåve vil vere å behandle søknader om arbeidsvarsling for å sikre god trafikkflyt og trafikktryggleik for alle trafikantar og for dei som arbeider på og langs vegen.
I seksjon for transportforvaltning vil du ta avgjerder som påverkar folk sin kvardag. Vi behandlar saker knytt til veglov, vegtrafikklov og plan- og bygningslov, og har tett samarbeid med kommunar og fylkeskommunar. På kontoret i Bergen er vi 16 tilsette som jobbar i 15 kommunar i og rundt Bergen for å gjere vegane endå betre og tryggare. Hos oss blir du ein del av eit arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaar som dekker ulike fagområde.
Kontorstad: Bergen. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan det vere mogleg å arbeide på Stord kontorstad.
Kva skal du jobbe med?
- vurdere og godkjenne planar for arbeidsvarsling på eller ved riks- og fylkesvegar.
- samarbeide med byggherrar og entreprenørar for å finne løysingar som varetek trafikktryggleiken og framkomsten.
- følgje opp og kontrollere om byggherre/entreprenørar utfører arbeidet i samsvar med godkjent arbeidsvarslingsplan, og at trafikktryggleik og framkomst er ivareteken.
- fagleg utvikling og samarbeid både lokalt og nasjonalt.
- delta i vurderingar som høyringspart i rolla som skiltstyresmakt - arbeidsvarsling.
Det kan også vere aktuelt å utføre enkelte oppgåver innan permanente skilt- og oppmerkingsplanar, og andre oppgåver i seksjonen.
Kompetansekrav
- minimum tre års relevant utdanning frå universitet eller høgskule. Relevant utdanning kan t.d. vere teknisk utdanning med anlegg, veg eller trafikk i fagkretsen.
- relevant praksis og gode personlege føresetnader for stillinga kan kompensere for manglande formell utdanning.
- evne til å samarbeide internt og eksternt, og vere aktivt med på å skapet eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø.
- gode kommunikasjonsevner i norsk, både skriftleg og munnleg.
- evne til å vere strukturert, ta initiativ, vere løysingsorientert, kunne samarbeide og samstundes jobbe sjølvstendig.
- evne til å handtere innspel og engasjement frå dei partane sakene gjeld.
- digital kompetanse
- førarkort klasse B.
Vi vil oppfordre deg som er nyutdanna innanfor fagkretsen anlegg, veg eller trafikk til å søke stillinga.
Det er ønskjeleg at du har erfaring innan planlegging og gjennomføring av arbeid på eller ved veg, eller saksbehandling av arbeidsvarsling.
Vi ser også etter kandidatar som har praktisk erfaring frå veg- og anleggsverksemd.
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- fleksitid og gode ordningar for å avspasere
- god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
- moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
- gode moglegheiter for fagleg påfyll
Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Krav til søknaden
Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Positiv særbehandling
Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.
Ønskjer du meir informasjon om stillinga?
Dersom du har spørsmål om stillinga eller arbeidsoppgåvene, kan du ta kontakt med seksjonsleiar Frode Moen Aarland på telefon 55516459/48885554
Om arbeidsgiveren
Statens vegvesen fører an i utviklinga av eit framtidsretta, effektivt, miljøvennleg og trygt transportsystem. Vi byggjer, driftar og held ved like riksvegane i landet, og vi tar vare på heilskapen gjennom det nasjonale ansvaret vårt for beredskap på veg, og ved utvikling av eit tydeleg regelverk og standardar for alle.Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tenester sikrar vi trafikantane og næringslivet ein tryggare, enklare og grønare reisekvardag.
Verksemda vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjonar.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Bygge- og anleggsteknikk, Ingeniør, Samferdselsteknikk og arealplanlegging
Nøkkelord
arbeidsvarsling, veg, trafikk, saksbehandling, planlegging
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385535170
- Sist endret