Medisinstudent med lisens
Helse Bergen
- Frist 08.01.2025
- Ansettelsesform Engasjement
Medisinstudent med lisens
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU) tilbyr utgreiing og behandling av barn og unge opp til 18 år, både poliklinisk og ved innlegging i sengepostar. Klinikken har sju allmenne poliklinikkar, to spesialiserte poliklinikkar, tre sengepostar, og ambulante tenester. Tilbod til lavfrekvente pasientgrupper er organisert i tyngepunkt, som gir tilbod på tvers av poliklinikkane.
BUP Sentrum er ein allmennpoliklinikk som held til i Bergen sentrum. Der er omkring 12 000 barn i opptaksområdet, som omfattar barn og unge frå Bergen kommune ved Årstad og Bergenhus bydelar. Poliklinikken har om lag 35 tilsette, med ulik fagleg bakgrunn. Seksjonen har fire team samt klinikkovergripande tyngdepunktsfunksjonar for spiseforstyrringar og for sped- og småbarn.
Vi har ledig 30% mellombels stilling for medisinarstudent med lisens med arbeidsstad BUP Sentrum. Det er krav om særs god meistring av norsk skriftleg og munnleg.
Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).
Arbeidsoppgåver
- Bistå i utgreiing og behandling av psykiske lidingar hos barn og ungdom
Kvalifikasjonar
- Du må ha norsk autorisasjon eller lisens til å arbeide som lege
Personlege eigenskapar
- Empatisk og respektfull i møte med pasientar og pårørande
- Høg fagleg og fagetisk medvit
- Evne til å jobbe fleksibelt, sjølvstendig og strukturert
- Gode samarbeidsevner og evne til å bidra til et positivt arbeidsmiljø
- Evne til å samarbeide om å nå seksjonens overordna målsetjingar
- Ved tilsetting blir det lagt stor vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg og stabilt arbeidsmiljø
- Meiningsfulle og fagleg engasjerande arbeidsoppgåver
- Moglegheit til fagleg og personleg utvikling
- Delvis fleksibel arbeidstid
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Østre Murallmenningen 7, 5012 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Lege
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
BUP Sentrum, Medisinstudent
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385600785
- Sist endret