Koordinator for vannområde Jæren - vikariat
Klepp kommune
- Frist 09.01.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Koordinator for vannområde Jæren - vikariat
Vi søkjer ein vannområdekoordinator i 100 % fast stilling, vikariat i eitt år.
Tenesteområdet Samfunn og kultur består av fire verksemder, Eigedom, Plan og forvaltning, Kommunalteknikk og Kultur, og har om lag 160 tilsette. Avdeling Kommunalteknikk har ansvar for vegar og offentlege rom, vatn og avløp, vannmiljø, handtering av overvatn, renovasjon, leikeplassar og offentlege friområde.
Innanfor alle desse fagområda står klima og miljøspørsmålet sentralt. Vi er inne i FNs restaureringstiår for natur. Restaurering av vassdragsnatur vil difor vera eit satsingsområde framover. Vannområdekoordinatoren er ein del av Kommunalteknikk og vil vera ein del av vår klima- og miljøfaglege gruppe.
Jæren vannområde består av ni kommunar og stillinga er knytt til arbeid for alle desse kommunane. Vannområdet er organisert med eit vannområdeutval som har ei styringsgruppe med administrative representantar. Målsettingane til vannområdeutvalet er å samordne det faglege arbeidet i vannområdet og arbeide aktivt for å fremja vannområdet og kommunane sine behov. Arbeidet vil skje i samråd med Rogland fylkeskommune som er regional vannforvaltningsmyndighet, og med relevante sektormyndigheter. Vannkoordinatoren samarbeider også med andre offentlege aktørar. Sjøaureprosjektet i Rogaland er eit av fleire spennande samarbeidsprosjekt.
Arbeidsoppgåver
- Samordna arbeidet i vassområdet. Det inneber mellom anna koordinering av møter, økonomistyring og informasjonsformidling
- Bidra til informasjonsflyt mellom regionalt og lokalt nivå- Følgje opp fellesprosjekt i vannområdet, til dømes felles overvakingsprogram for kommunane
- Sørge for medverknad frå allmenne interesser på lokalt nivå
- Oppdatere tiltaksstatus i tiltaksmodulen i vann-nett for kommunane
- Rapportere status for oppfølging av tiltaksprogram og rapportering til eige vannområdeutval, regional vannområdemyndigheit og til vannregionutvalet
- Sørge for oppdatering og utvikling av tiltaksanalyser
- Vera pådrivar for gjennomføring av restaureringstiltak i kommunane og bistå kommunane i oppfølgjing av desse
Kvalifikasjonar
Master- eller bachelorgrad i relevant fagområde, fortrinnsvis innanfor natur- og miljøfag
Det er ønskjeleg med erfaring frå offentleg forvaltning og/prosjektarbeid
Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg
Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Du må
- ha engasjement og interesse for fagområdet
- kunne arbeida sjølvstendig og strukturert
- vera løysingsorientert og open for nytenking
- ha gode samarbeidsevner
- like stor aktivitet og å halde deg til mange ulike mennesker
Vi tilbyr
Fagleg utfordrande, varierte og utviklande arbeidsoppgåver - Lønn etter avtale i samsvar med lokal lønnspolitikk
- Fleksibel arbeidstid
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysninga, og dei til ei kvar tid gjelande lovar, reglar og tariffavtalar.
Om arbeidsgiveren
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700 tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Bedriftsvegen 4, 4353 Klepp stasjon
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Koordinering, Kvalitetssikring, Vassdrag
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Koordinator, Vannområde, Jæren
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385603436
- Sist endret