Saksbehandlar/rådgjevar
Fair Play Bygg Oslo og omegn
- Frist 10.1.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Er du opptatt av seriøst arbeidsliv? Vil du bidra til Fair Play Byggs arbeid mot a-krim i byggjenæringa?
Fair Play Bygg Oslo og omegn er ein organisasjon som skal motverke kriminalitet i arbeidslivet (a-krim) og samtidig støtte det seriøse arbeidslivet i byggjenæringa. Organisasjonen er støtta av både arbeidstakar- og arbeidsgivarsida i bygg- og elektrobransjen, samt private og offentlege bedrifter i Oslo-regionen.
Fair Play Bygg Oslo og omegn søkjer etter ein systematisk person med kunnskap om arbeidslivet, som kan skrive rapportar, behandle kjelder og sensitiv informasjon og formidle informasjonen både til publikum og til offentlege etatar. Erfaring frå saksbehandling, god språkkunnskap i norsk og engelsk, evne til formidling og kjennskap til den norske modellen er naudsynt.
Stillinga er eit vikariat frå februar til august med mogleg utviding ut 2025.
Arbeidsoppgåver:
- Saksbehandling/rapportskriving
- Innhente informasjon frå opne kjelder, næringslivet og organisasjonar
- Kommunikasjon med offentlege etatar
- Informasjonsarbeid mot publikum
Kvalifikasjonar:
- Erfaring med saksbehandling
- Gode kunnskaper i norsk og engelsk
- Kunnskap om arbeidslivet og byggjenæringa
- Erfaring med formidling
- Høgare utdanning innan samfunnsvitskap eller andre relevante fag er ein fordel, men ikkje krav
Personen vi søkjer etter bør kunne:
- Handtere sensitiv informasjon, ha integritet og vera tillitsskapande
- Vere systematisk og effektiv
- Handtere mange saker og høgt tempo
- Analysere og kvalitetssikre informasjon frå ulike kjelder
- Ha erfaring med informasjonsinnhenting frå opne kjelder og generelt god IT-kunnskap
Vi tilbyr:
- Konkurransedyktig løn og fleksibel arbeidstid
- Arbeidsplass sentralt i Oslo
- Gode kollegaer og meiningsfullt arbeid
Om arbeidsgiveren
Fair Play Bygg er ein organisasjon som skal motverke a-krim og bidra til eit seriøst arbeidsliv i byggjenæringa
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Organisasjoner
- Sted: Møllergata 24, 0179 Oslo
- Bransje: Bygg og anlegg, Ideelle organisasjoner
- Stillingsfunksjon: Rådgivning, Saksbehandler
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
saksbehandling, arbeidsliv, kommunikasjon, analytiske ferdigheter, den norske modellen
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385614434
- Sist endret