Sjukepleiar/Velferdsteknologi rådgjevar i Heimetenesta Os - 100 % fast
Bjørnafjorden kommune Heimetenester Os
- Frist 10.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Sjukepleiar/Velferdsteknologi rådgjevar i Heimetenesta Os - 100 % fast
Har du eit hjarta for eldreomsorg og teknologi, og ønsker å jobba på ein god arbeidsplass med faglege utfordringar?Då kan du vera den rette for oss!
Vi har ledig 100% fast stilling fom 01.04.2025. Stillinga er ei kombinert stilling der 60% er tilknytt velferdsteknologi (VFT) i Heimetenesta Os og 40% som sjukepleiar i p.t. avdeling 3 i Heimetenesta Os. Stillinga er i turnus med arbeid på helg etter gjeldande turnusavtale. For tida jobbar ein dagtid dei dagane ein jobbar med velferdsteknologi.
Heimesjukepleia er ein kjekk og spennande arbeidsplass der du får arbeide med flotte kollegaer. Vårt mål er at alle brukare skal få bu i eigen heim så lenge dei kan. Arbeidet er variert, hektisk og innimellom litt uforutsigbart.Vi ønsker ein fleksibel og løysningsorientert medarbeidar og håpar at du vil vere med å jobbe ein stad som er i stadig utvikling og endring.
Arbeidsstad
Heimetenester Os
Arbeidsoppgåver
- Pådrivar og frontperson for velferdsteknologi
- Hovudansvar for opplæring og fagutvikling til kollegaer innan velferdsteknologi
- Implementeringsansvarleg ved innføring av ny teknologi
- Kontaktperson for superbrukarar
- Ansvar for at VFT blir montert, og sikre oversikt og orden i system, lager, etc.
- Support: følga opp og løyse saker som meldes
- Tett samarbeid med andre rådgivarar/ressurspersonar innan VFT, E-helse, IT-avdelinga og andre i kommunen
- Utøva klinisk sjukepleie som sikrar kvalitet og at brukarrettigheitar vert teken i vare
- Delta i utarbeiding av gode system og rutinar
- Dokumentera helsehjelp i EPJ
- Samarbeide med og rettleie yrkesgrupper innan fagområda sjukepleie og velferdsteknologi
- Samarbeida med brukarar, pårørande og andre helseinstansar
- Halda seg fagleg oppdatert
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
- Videreutdanning i velferdsteknologi/E-helse vektleggast, og er ein fordel
- Førarkort kl. B
- Høg digital kompetanse
- Fordel med erfaring frå arbeid i heimesjukepleie
- Ønskeleg med teknisk bakgrunn
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Personlege eigenskapar
- Høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
- Kunne jobba strukturert og planmessig
- Er trygg på å formidle kunnskap
- Evne til å møte andre på ein respektfull måte, brukaren sin heim er vår arbeidsplass
- Fleksibel, løysingsorientert, lojal og pliktoppfyllande
- Ha gode samarbeidsevner, men og kunne jobba sjølvstendig
- God muntlig og skriftlig framstillingsevne
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Holen 1, 5200 Os
- Bransje: Helse og omsorg, Konsulent og rådgivning
- Stillingsfunksjon: Rådgivning, Sykepleier
Nøkkelord
Sykepleier, Hjemmetjeneste, Velferdsteknologi, Rådgiver, Os
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385618354
- Sist endret