Overlege psykosepoliklinikk/FACT
Helse Bergen
- Frist 26.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Overlege psykosepoliklinikk/FACT
Har du lyst til å vere med å bygge opp vårt psykosebehandlingstilbod? Vi har tilsett seksjonsoverlege, psykologspesialist og psykolog. Vi ønsker å supplere teamet vårt ytterlegare med to psykiatrar og psykologspesialist.Du vil i stor grad kunne vere med å utforme behandlingstilbodet, og påverke korleis vi yter tenestene tilpasientgruppa.
Bjørgvin Distrikspsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Klinikkengir psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarane i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen,Masfjorden, Modalen og Osterøy og i tillegg bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune. Samla harklinikken eit opptaksområde med om lag 80 000 innbyggjarar over 18 år. Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og i Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert påTertnes, medan polikliniske tenester blir gitt både i Knarvik og på Tertnes. Klinikken omfattar fagområdapsykose og allmennpsykiatri.
Bjørgvin DPS søker etter to overlegar i 100% fast stilling til fagområdetpsykose. Stillingene gir rom for alternativ tenking knytta til arbeidsplan. Dette inneber at ein kan arbeideintensivt i periodar for så å ha fri i periodar på inntil 14 dagar samanhengande. I friperiodane vil det verenoko ubunden arbeidstid som legen nyttar til førebuing. Legane styrer sjølve denne arbeidstida. Klinikkenhar ei kognitiv behandlingstilnærming.
Arbeidsoppgåver
Bjørgvin DPS sine kjerneoppgåver er:
- Spesialisert utgreiing og differensiert behandling
- Opplæring av pasientar og pårørande
- Rettleiing til den kommunale psykiske helsetenesta
- Forsking, kvalitetsutvikling og utdanning av helsepersonell
Klinikken har for tida 11 legespesialistar og 20 psykologspesialistar. Vi ønsker å styrkespesialistkompetansen ytterlegare. Vi legg til rette for kompetanseheving og etterutdanning forspesialistar og vi har fokus på klinikknær forsking. Samarbeid med sjukehus, kommunar ogbrukarorganisasjonar er ein viktig del av jobben
Bjørgvin psykosepoliklinikk/ FACT team:
- Teamet er breitt, tverrfagleg samansett med overlegar, psykologspesialistar, psykologar, sosionomar, IPSkonsulentar, spesialsjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, ergoterapeut, fysioterapeut ogerfaringskonsulent. Totalt er der 20 årsverk i poliklinikken/ FACT teamet
- Seksjonen har pasientar i frivillig vern, pasientar som er under psykisk helsevern på tvang utandøgnopphald og pasientar som er domfelte til psykisk helsevern på tvang. Poliklinikken /FACT teamet hartotalt 150 pasientar i behandling
Bjørgvin psykose døgnbehandling:
- Eininga har ei velkvalifisert personalgruppe der den store majoriteten er høgskoleutdanna personalemed vidareutdanning i psykisk helse og/eller rusproblematikk
- Totalt har seksjonen 15 døgnplassar. Seksjonen har i tillegg psykolog, psykologspesialist, lege medspesialitet i allmennmedisin og sosionom
Kvalifikasjonar
- Spesialist i psykiatri
- Norsk autorisasjon som lege
- Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
- Ønskeleg med erfaring frå psykose
- Ønskeleg med erfaring frå rettleiing av LIS
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert og løysingsorientert
- Du er tilpassingsdyktig, effektiv og sjølvstendig
- Du likar å jobbe tverrfagleg, både internt i eigen seksjon og med samarbeidspartnarar
- Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Du trivst i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
- Ein spennande overlegestilling i ein veldreven seksjon med høg tverrfagleg kompetanse
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Tertnesveien 37, 5113 Tertnes
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Overlege
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
overlege, psykosepoliklinikk, FACT, Bjørgvin DPS
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385623556
- Sist endret