Sjåfør/Renovatør
Attvin
- Frist 24.1.2025
- Ansettelsesform Fast
Sjåfør/Renovatør i Ålesund – Ein jobb som betyr noko for alle!
Vil du ha ein jobb der du faktisk gjer ein forskjell – for folk, for framtida, og for miljøet? Innsamling av avfall handlar ikkje berre om å rydde opp, det handlar om å samle inn verdifulle ressursar som blir til framtidas råvarer.
Kva går jobben ut på?
Dette er ikkje berre ein vanleg sjåførjobb – her får du verkeleg utfordra ferdigheitene dine! Du vil navigere gjennom tronge bygater med millimeterpresisjon, takle små vegar med parkerte bilar og bratte svingar, samt køyre på landlege vegar og i krevjande terreng der vêret ofte byr på ekstra utfordringar. Variasjon og teknikk er stikkorda – ingen dag er heilt lik, og trygg, smidig køyring er alltid i fokus.
Jobben handlar om meir enn å køyre frå A til B. Som sjåfør er du ein viktig del av maskineriet som held samfunnet i gong. Du bidreg til at avfall blir samla inn, handtert og omgjort til verdifulle ressursar som kan brukast på nytt.
Arbeidet ditt vil inkludere innsamling av avfall frå private husstandar, næringsliv og offentlege stader i Ålesundregionen. I tillegg til køyringa, vil du aktivt bidra med å handtere innsamlingsutstyr, rapportere avvik, og halde bilen i topp stand. Her er kvar dag ei ny utfordring og ei moglegheit til å gjere ein forskjell!
Arbeidsoppgåvene dine vil inkludere:
- Henting av avfall frå både private husstandar og bedrifter i Ålesundregionen.
- Finpussing av køyreruter for å sikre ein smidig og effektiv arbeidsdag.
- Løyse utfordringar undervegs gjennom avviksrapportering og handsaming av små og store problem.
- Halde lastebilen i topp stand med regelmessig vedlikehald og reinhald.
- Passe på innsamlingsutstyret ved å registrere skadar og sikre at abonnentane har utstyr i god stand.
- Hjelpe til der det trengst ved våre anlegg – du må være ein lagspelar som ikkje er redd for å ta i eit tak.
Vi ønskjer at du har:
- Førarkort klasse C.
- YSK-bevis og gjerne ADR-sertifikat.
- Sertifikat G8 for kran (om du ikkje har dette, kan vi hjelpe med opplæring).
- Norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
- God fysisk form – dette er ein aktiv jobb!
Vi håpar du er:
- Serviceinnstilt og omgjengeleg – du møter folk med eit smil, enten det er kollegaer eller kundar.
- Trygg på teknologi – elektroniske hjelpemiddel er ein naturleg del av kvardagen din.
- Nøyaktig og ærekjær – du legg stoltheit i arbeidet ditt og sikrar at alt blir gjort skikkeleg.
- Løysingsorientert og initiativrik – du ser moglegheiter der andre ser utfordringar.
- Ein lagspelar – du trivst med å jobbe saman med andre og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Vi kan tilby:
- Ei framtidsretta stilling i ein bransje som veks og utviklar seg.
- Eit trygt og solid arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
- Ryddige løns- og arbeidsvilkår.
- Topp pensjons- og forsikringsordningar.
- Ein meiningsfull jobb der du bidreg direkte til samfunnet.
Arbeidstida vil hovudsakleg vere på dagtid (06:00–14:00), men avfallsmengder, høgtider eller vêr kan føre til behov for fleksibilitet. Arbeidsstaden din vil vere ved vårt anlegg på Bingsa i Ålesund.
Vi ønskjer at arbeidsmiljøet vårt skal spegle mangfaldet i samfunnet. Difor oppfordrar vi spesielt kvinner og personar med ulik bakgrunn til å søkje. Hos oss får du vere med og byggje ein kultur der trivsel og meistring står i sentrum.
Om arbeidsgiveren
Kven er Attvin?
Attvin handterer avfallsinnsamling for over 100 000 innbyggarar i regionen, og har ansvaret for behandlinga av avfallet etter at det har blitt samla inn.
Ansvar for lovpålagte tenester
Attvin har ansvaret for den lovpålagte innsamlinga og mottaket av husholdningsavfall.
Selskapet er eigd av Ålesund, Sula, Stranda, Fjord, Sykkylven, Giske, Haram og Vestnes kommune. Gjennom to dotterselskap leverer Attvin tenester knytt til lovpålagt hushaldsrenovasjon på vegne av eigarkommunene, og tenester knytt til næringsrenovasjon.
Attvin handterer avfallsinnsamling for over 100 000 innbyggarar i regionen, og har ansvaret for behandlinga av avfallet etter at det har blitt samla inn. I tillegg til innsamling av avfall driver Attvin 9 miljøstasjonar.
Den juridiske delen av Attvin som leverer den lovpålagte tenesta blir driven etter sjølvkostprinsippet, og får kun dekt sine faktiske kostnadar gjennom renovasjonsgebyret som alle huseigarar betaler. Vi tilstreber å levere best mogleg teneste for innbyggarane, til lågast mogleg pris.
Våre kjerneverdiar
Utolmodig
Utolmod er vår superkraft. Vi brenner for å gjennomføre det vi veit skal til for å nå måla våre, sjølv med rammevilkår som nokre gongar står i vegen. Utolmodet gir oss gjennomslagskraft til å gå framover.
Open
Vi kjenner kundane våre godt, og er ujålete og oppriktig i kommunikasjonen. Vi deler aktivt av vår kunnskap og jobber målretta for å drive selskapet og bransjen framover.
Engasjert
Vi er nysgjerrig og lidenskapeleg i vårt arbeid med å bidra til eit betre samfunn. Vi er faktaorienterte og nøye – og stolt over vår tilnærming til faget.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: 6019 Ålesund
- Bransje: Bil, kjøretøy og verksted, Renovasjon og renhold, Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: Transport og sjåfør
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
avfallshåndtering, innsamling, førerkort klasse c, Sjåfør, lastebil
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385638652
- Sist endret