Kommunalsjef
Nissedal kommune
- Frist 26.1.2025
- Ansettelsesform Fast
Ledig stilling som kommunalsjef for plan og teknikk
Nissedal kommune søker ein kommunalsjef for plan og teknikk som ønskjer å bli med på proaktivt- og omstillingsorientert arbeid.
Stillinga vil fungere som ei nøkkelrolle for at drift av tenester til innbyggarar og næringa skal fungere optimalt, men også for å utvikle og fornye tenestetilbodet til kommunen.
Kommunalsjefen vil ha ansvar og medansvar for kommunale planar, som mogleggjer og setter grenser for korleis kommunen vil utvikle seg framover. Desse planane omhandlar sentrumsutvikling, så vel som utvikling av Nissedal som ein av landet største hyttekommunar. Hytteomfanget i kommunen har også ført til eit stort arbeid knytt til v/a, for å kople fastbuande og hyttefelt til eit miljø- og driftssikkert anlegg. Av den grunn blir det laga nytt reinseanlegg, som står ferdig i løpet av 2025, med påfølgande driftsansvar til sektoren som kommunalsjef for plan og teknikk rår over.
ArbeidsoppgåverSom kommunalsjef vil du representere sektoren i kommunedirektørens tverrfaglege leiargruppe, som består av plan og teknikk, velferd, oppvekst og kultur, næring og økonomi. Du vil ha personalansvar for to avdelingsleiarar og kommunen sin plansjef. Dei to avdelingane er v/a og bygg, veg og reinhald. Plankontoret er interkommunalt med Kviteseid kommune, og har kommuneplanleggjar, byggesaksbehandlar og oppmålar.
Det er ein merkantil konsulent i 100 % stilling.
Brannberedskap ligg til sektoren, og brannsjef deltek i kommunen si beredskapsleiing.
Totalt har eininga plan og teknikk 23 årsverk.
Kommunalsjef førebur og legg fram politiske saker på eige fagfelt.
KvalifikasjonarVi ønskjer ein person med følgjande kompetanse:
- Minimum 3-årig høgskule- eller universitetsutdanning med ingeniørkompetanse eller kompetanse innan samfunnsplanlegging
- Relevant leiarerfaring
- Erfaring frå leiing av fagpersonar med høg fagleg kompetanse
- Erfaring frå samarbeid med privat sektor
- Erfaring frå forvaltning av lovverk og skjønnsmessige vurderingar
- Erfaring frå arbeid med kommuneplanar og reguleringsplanar
- Erfaring frå arbeid med byggeprosjekt inkludert v/a
- God økonomiforståing
Vi ser etter ein person med følgjande eigenskapar:
- Nytenkande og utviklingsorientert
- Gode samarbeidsevner
- Fleksibel og handlekraftig
- Gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg
- Trygg, lyttande og tydeleg
- Evne til å ta avgjerder
- Gode digitale ferdigheiter
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad.
Vi tilbyr- Ei spennande og krevjande leiarstilling
- Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
- God pensjonsordning
- Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement
- Løn etter avtale
Om arbeidsgiveren
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: 3855 Treungen
- Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester, Eiendom, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Bygge- og anleggsteknikk, Ingeniør, Samferdselsteknikk og arealplanlegging
- Arbeidsspråk: Norsk
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385638836
- Sist endret