Helsepersonell i 100 % fast stilling
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
- Frist 10.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Helsepersonell i 100 % fast stilling
Stillinga er i ordinær turnus, med moglegheiter for langvakt kvar 4.helg.
Arbeidsstad:
Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar. Tenestene for vaksne består av 9 bufellesskap og 2 dagsenter.
Hellemyra Bufellesskap, som ligg i Eikelandsosen, er eit bufellesskap med 5 tenestemottakarar med ulike bistandsbehov, i hovudsak personar over 18 år. I tillegg har bufellsskapet ansvaret for oppfølging av heimebuande tenestemottakarar
Arbeidsoppgåver
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar. Det vil kunna liggja primærkontaktarbeid til stillinga og du vil få ein viktig rolle inn i medikamenthandteringa på avdelinga. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har autorisasjon som vernepleiar, sjukepleiar eller helsefagarbeidar. Søkjarar med pedagogisk- eller har sosialfagleg utdanning, blir også vurderte. Det er ønskeleg at du har erfaring med arbeid med personar med nedsatt funksjonsevner, men dette er ikkje eit krav.
Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk og du :
- skaper gode relasjonar, tillit og tryggleik- ønskjer å vera ein del av eit spanande arbeidsmiljø
- ønskjer utfordringar- er oppteken av å ivareta borna som om dei er dine eigne
- er sjølvstendig og har opparbeida deg gode samarbeidsevner
- lyttar med respekt.
Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.
Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.
Utanlands utdanning må vere godkjend av Direkotratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell
Nøkkelord
vernepleiar, sjukepleiar, helsefagarbeidar, helsepersonell
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385639651
- Sist endret