HR-jurist
NAV
- Frist 12.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du spele ei nøkkelrolle i arbeidsrettslige spørsmål i Nav?
Nav fylkeskontor Vestland har det overordna ansvaret for gjennomføringa av arbeids- og velferdspolitikken i Vestland med styringsansvar for ni regionar og ei spesialeining. Fylkeskontoret er lokalisert i Bergen med 45 tilsette fordelt på fire avdelingar; avdeling HR og organisasjon, avdeling partnarskap og kommunikasjon, avdeling fag og tenester og avdeling økonomi og analyse.
No ser vi etter ein dyktig HR-jurist med nyare arbeidserfaring frå arbeidsrettslege problemstillingar. I denne rolla vil du fungere som juridisk støtte for leiarane i Nav Vestland, og bidra i formidlings- og opplæringsverksemd. Du får moglegheita til å kombinere juridisk kunnskap med HR, og du vil spele ei sentral rolle i utviklingsarbeidet mot dei ulike Nav-kontora i fylket.
Som HR-jurist vil du samarbeide tett og tverrfagleg med kollegaer på fylkeskontoret, og bli ein viktig del av vår HR- og organisasjonsavdeling. Avdelinga består av dyktige fagpersonar med brei kompetanse innan HR, HMT, leiarutvikling og innovasjon.
Vi kan love innhaldsrike og utviklande arbeidsdagar i ein organisasjon som aldri står stille!
Arbeidsoppgåver
- Juridisk støtte og rettleiing av leiarar i arbeidsrettslege problemstillingar
- Rettleiing og rådgiving i personalsaker og omstillingsprosessar
- Støtte i medbestemming, tilsettingssaker, lønn og tariff, konflikthandtering og anna avtaleverk innan HR og personaloppfølging
- Handtering av spørsmål innan personvern på HR-feltet
- Formidling og opplæringsverksemd innan HR sitt ansvarsområde
- Andre oppgåver innan HR og personaladministrasjon
Kvalifikasjonar
- master i rettsvitskap eller juridisk embetseksamen. Ved utdanning frå utlandet må du leggje ved NOKUT-godkjenning.
- nyare erfaring frå arbeid med arbeidsrettslege problemstillingar, som personalsaker, endringsprosessar og omstillingsarbeid
- god formuleringsevne på norsk, både munnleg og skriftleg
Det er ein fordel om du også har:
- kjennskap til lov- og avtaleverk i staten
- gode digitale ferdigheiter
Personlige eigenskapar
Vi ser etter deg som likar formidling og kunnskapsdeling, og som klarer å lære frå deg og formidle juridiske reglar på ein enkel måte. Du er interessert i fagutvikling, og tar initiativ til å holde deg oppdatert på fagfeltet ditt. Stillinga har mange ulike kontaktpunkt, og det er derfor viktig at du kommuniserer godt og kan samarbeide på tvers av team og fagområde.
Noko av det som gjer stillinga spennande er variasjonen i arbeidsoppgåver, men det krev samtidig at du er løysingsorientert og klarer å veksle mellom operative og strategiske oppgåver. For å lukkast i stillinga er det også ein fordel at du er strukturert og trivst med sjølvstendig arbeid.
Vi tilbyr
- Ei spennande stilling i eit godt arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar
- Store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og mogelegheit for trening i arbeidstida
- God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
- Stillinga blir plassert i stillingskode 1364 seniorrådgivar. Lønsspennet er frå kr. 730 000 til 800 000. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.
Om arbeidsgiveren
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
- Sektor: Offentlig
- Sted: C. Sundts gate 29, 5004 Bergen
- Bransje: HR, organisasjonsutvikling og rekruttering, Juridiske tjenester, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: HR, personal og rekruttering, Jurist, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Jurist, Personal, Arbeidsrett, HR, Juss
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385648308
- Sist endret