Spesialsjukepleiar/ spesialvernepleiar, psykisk helsearbeid og rus
Helse Bergen
- Frist 05.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Spesialsjukepleiar/spesalvernepleiar til 100% fast stilling med turnus dag/kveld og 80% fast stilling med turnus natt
Seksjon S5, avdeling for spesialisert psykose, er ein lukka akuttpost med 12behandlingsplassar, der 2 av sengene er intensivsenger. Vi er lokalisert iPsykiatrisk klinikk, Sandviken. Seksjonen driv hovudsakleg med utgreiing ogbehandling av pasientar med akutte psykosar og vi samarbeider med andreinstansar for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna,eigna behandlingstilbod. Gjennomsnittleg liggetid er 4 veker. Vi kan tilbyein spennande og engasjerande arbeidsplass, kor vi legg særleg vekt på kvarenkelt sin trivsel og faglege utvikling.
Vi har ledig 2 faste stillingar for spesialsjukepleiar i 100% turnus med arbeid p.t kvar 3. helg med turnus på dag/kveld
Vi har også ledig 1 fast stilling for sjukepleiar i 80% med arbeid p.t. kvar 3. helg med turnus på natt
Søkarar må vere fylt 21 år.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene til sjukepleiar/vernepleiar er å arbeide i team rundt kvar einskild pasient og saman utarbeide eit godt forløp for innlegging i akuttfasen
- Administrasjon av medisin og følge opp intervall-tilsyn, som erordinert av behandlar, samt utarbeide og følge opp miljøplanar saman medpasienten
- Skriftleg og munnleg rapportering av, og sjukepleie til fysiske ogpsykiske symptom hjå pasienten
- Sjukepleiar er ansvarshavande ogfordeler arbeidsoppgåvene til dei som er på vakt
- Ein i kvart team erpårørandekontakt og har jevnlege samtalar og samarbeidsmøte med andreinvolverte instansar
Kvalifikasjonar
- Vi ønsker at du har stort engasjement og interesse for å jobbe med pasientgruppavår
- Norsk autorisasjon med vidareutdanning i psykisk helse og rus eller annan relevant vidareutdanning
- Søkar må meistre norsk svært godt, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Det blir lagt vekt på at du er personleg eigna til å arbeide med psykisk sjuke menneske
- Vi ønsker fleksible medarbeidarar, som har evne til å arbeide i team og som kan bidra til vårt gode arbeidsmiljø
- Du må vere ansvarbevisst og ha evne til å arbeide sjølvstendig
- Du må vere i stand til å ta imot rettleiing og følge avdelinga sine retningslinjer
Vi tilbyr
- S5 er ein spennande og lærerik arbeidsplass, der dei tilsette ser og oppmuntrarkvarandre. Vi er kjend for vår høge, faglege kompetanse innan psykosebehandlingog for vårt gode og inkluderande arbeidsmiljø. Her lærer du mykje om psykose,men også om deg sjølv. Dei fleste av våre tilsette har vidareutdanning innan rusog psykiatri og personalgruppa er godt samansett av både kvinner og menn i forskjellig alder, bakgrunn og kultur. Dette gjer at vi har eit veldig godtarbeidsmiljø, der tilsette blir verande lenge
- Alle får eit 2 dagars grunnkurs i MAP (Møte med aggresjon og valdsproblematikk)
- Tverrfagleg undervisning og trening i MAP kvar veke
- Alle tilsette har 1 til 2 dagar ut av turnus for kompetanseutvikling per år, i tillegg til andre kurs/seminar ein kan melde segpå
- Moglegheit for å søke 2 årig deltid SEPREP-utdanning og 1 årig vidareutdanning i psykiatri og rusarbeid
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykiatri, Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
spesialsykepleier, spesialvernepleier, spesialisert psykose S5, 100% fast stilling, 80% fast stilling på natt
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385650383
- Sist endret