Kontormedarbeider ved Vang kyrkjekontor - 80% fast stilling
Vang kyrkjeleg fellesråd
- Frist 17.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Kontormedarbeider ved Vang kyrkjekontor - 80% fast stilling
Er du vår nye kollega?
Ynskjer du deg ei variert og meningsfull stilling som kontormedarbeider ved kyrkjekontoret, i den naturskjønne fjellkommunen Vang? Me kan tilby eit godt arbeidsfellesskap, der me alle hjelper kvarandre for å skape det beste for kyrkja i Vang og innbyggjarane.
Stillinga er ledig frå 1. januar 2025, men me ventar gjerne lenger på den rette kandidaten.
Aktuelle arbeidsoppgåver
Kontormedarbeideren vil arbeide tett saman med kyrkjeverja, og vil ta del i det daglege administrative arbeidet knytta til kyrkjekontoret. Aktuelle oppgåver inkluderer:
- Sekretær for kyrkjeverja
- Ekspedisjon og telefonservice
- Gravplassforvaltning (deriblant; festeregister, festefaktura, gravstellsavtaler)
- Attestere fakturaer
- Sekretærfunksjon for sokneråd, sokneprest og menighetsbladet
- Publisering, markedsføring, nettside
- Administrasjon for pedagogiske tiltak, 0-18 år
- Arkiv, post, bestillinger, årsstatistikk
- Kyrkjeval (kvart 4.år)
- Avhjelpe med pågåande saksbehandling og koordinering gjennom året etter behov og kapasitet, eksempelvis:
- Vedlikehald, anbudsprosessar og søknader om tilskot
- Administrasjon av omvisartenesten ved stavkyrkjene og plenklypp ved kyrkjegardane
- Registreringar i ulike fagsystem - Andre oppgåver kan og bli aktuelle
Ynskja kvalifikasjonar
Me ser gjerne at du har relevant utdanning og/eller erfaring innan områder som:
- Administrasjon og koordinering
- Gravplassforvaltning
- Nettsidearbeid, markedsføring og digitale verktøy
- Tilskuddsordninger og søknadsprosesser
- Annan relevant erfaring
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
- Har initiativ og gjennomføringskraft
- Er serviceinnstilt med gode formidlingsevner
- Kan samarbeide godt, men også arbeide sjølvstendig
- Er strukturert og ryddig
- Har vilje til å lære nye ting og forbedre prosesser
- Tåler hektiske perioder med god arbeidskapasitet
Særskilte krav:
Du må:
- Beherske norsk munnleg og skriftleg
- Ha grunnleggande kunnskap om dataverktøy
- Utføre ditt arbeid i lojalitet med Den Norske Kirke
- Ha førarkort klasse B og disponere eigen bil
Me kan tilby
- Ei meget variert og meiningsfull stilling
- Moglegheit til å påvirke og bygge opp stillinga i stor grad
- Eit godt arbeidsfellesskap, der me hjelper kvarandre
- Fleksibel arbeidstid
- Tilsetjing på vilkår av dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler
- Løn etter KA’s tariffavtale
- Medlemskap i KLP pensjonsordning
- 6 månaders prøvetid
- I Vang er det godt å bu! (sjå mange fordelar nedst i annonsa)
Spesielle vedtak
Teieplikt etter gjeldande reglar
Personleg eignaheit blir vektlagt
Spørsmål om stillinga kan rettast til:
Kyrkjeverje Silje Hammerstad, mobil 902 42 171 eller sh466 at kirken.no
Fellesrådsleiar Kristin Bakke Lajord, mobil 911 58 656 eller kristin at bakkelajord.no
Søknad med CV, vitnemål, attestar og referansar sendast via webcruiter innan 17.januar 2025.
Me ynskjer og å informere om at me samtidig lyser ut ei 20% stilling som menighetspedagog for barn og unge, dersom det skulle være aktuelt å søke den stillinga i tillegg, for å fylle stillingsgraden: https://8007.webcruiter.no/Main/Recruit/Public/4898601462?link_source_id=0
Vang kommune – ei flott kommune å bu i:
- Ei storstilt satsing på barn og unge!
- Ein kombinert barne - og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
- Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr
- Helse og omsorgstenester av god kvalitet
- Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
- I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
- Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete, med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
- I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for ein kvar smak!
- Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg! Vang blir sagt å ha "vestlandsfjell med austlandsklima", og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
- I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
- Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du på nettsida; vangivaldres.no
- Meir info om arbeids - og bumarkedet i Valdres finn du på nettsida; valdres.no/velgvaldres
Om arbeidsgiveren
Vang høyrer til Valdres prosti i Hamar bispedømme. Vang er den vestlegaste av kommunane i Valdres, på grensa mot Sogn, og dermed midt mellom Oslo og Bergen. Me har ca. 1650 innbyggarar, med kulturskule, korps og kor, i tillegg til eit vidt spekter av anna frivillig arbeid. Kyrkja i Vang har 4 sokn; Heensåsen, Høre, Vang og Øye, med 6 kyrkjer - deriblant 2 stavkyrkjer og ei økumenisk fjellkyrkje.
Staben består av sokneprest, kyrkjeverje, kontormedarbeidar, kyrkjegardsarbeidar, organist og menighetspedagog. I tillegg har me kyrkjetenarar, klokkarar og reinhaldarar tilknytta kyrkjene.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Tyinvegen 5175, 2975 Vang i Valdres
- Bransje: Kirke og menighet
- Stillingsfunksjon: Menighetsarbeid
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385654288
- Sist endret