Løysningsarkitekt
Helse Vest IKT
- Frist 12.1.2025
- Ansettelsesform Fast
Løysningsarkitekt
Framtidas helsetenester og digitalisering
Vil du ta del i eit viktig samfunnsoppdrag? Vil du vere med og skape gode digitale løysingar for pasientar og medarbeidarar i helsetenesta?
Helsetenesta står overfor store utfordringar – og moglegheiter - framover. Innovasjon og digitalisering er viktige nøkkelfaktorar i møte med desse utfordringane.
Les meir om Helse Vest si spennande satsing i Helse2035.
Vi trenger fleire løysingsarkitektar i dette arbeidet.
Stillingane inngår i Seksjon for arkitektur og løysingsdesign. Med utgangspunkt i arkitektur og design som fag, bidrar vi til:
- Brukarvenlege løysingar med høg nytteverdi for helsetenesta, pasientar og pårørande
- Ei smidig og brukarfokusert gjennomføring av endring
- Heilskap i løysing og på tvers av løysingar
- Å utnytta moglegheitene som ligg i digitalisering og ny teknologi
Vi utgjer i dag eit solid fagmiljø innan arkitektur og løysingsdesign med 35 dyktige og engasjerte medarbeidarar. Gjennom erfaringa vår med endringsarbeid i Helse Vest har vi opparbeidd oss ei inngåande innsikt i helsetenesta og korleis denne skapar verdi. Kompetanseutvikling og samarbeid står sentralt hos oss.
Arbeidsstad er Bergen eller Stavanger. Andre lokasjonar på Vestlandet kan og vere aktuelt.
Arbeidsoppgåver
Som løysingsarkitekt inngår du i team. Sentrale oppgåver for arkitekten er:
- Kartlegge utfordringar, behov og ønsket nytteverdi
- Bidra i utforming av løysing og vurdering av løysingsalternativ
- Bidra til smidig og brukarorientert gjennomføring av endring
- Bidra til heilskap i løysing og ivareta korleis endringar vil påverka sampelet mellom organisasjon, menneske og teknologi
- Identifisere og ha dialog med andre tilgrensande endringsinitiativ
- Ivareta at gjeldande arkitekturkrav blir etterlevde og bidra til å forma overordna arkitektur
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning, fortrinnsvis innan informasjonsteknologi eller helsefag
- Det er ønskeleg med erfaring frå eit ellar fleire av følgande område:
- Endringsarbeid/-leiing innan helsesektoren
- Prosjektleiing/konsulentbistand/rådgjeving i større/komplekse endringsprosjekt
- Verksemds-/løysingsarkitektur
- Arbeidsspråk er norsk, og søkar må meistre norsk flytande (munnleg og skriftleg). I tillegg er det ønskeleg at ein beherskar engelsk.
Vi søker deg som er sterk på:
- Heilskapsforståing og metodisk tilnærming
- Å ta initiativ, ha driv og ta sjølvstendig ansvar
- Å sjå moglegheiter relatert til teknologi/IKT
- Å lytta aktivt og spele andre gode
- Å gi og ta imot tilbakemeldingar på ein måte som skapar tryggleik
- Engasjement og humor
- Å dele og be om hjelp
Vi tilbyr
- Spanande arbeidsoppgåver og gode moglegheiter til fagleg og personleg utvikling
- Eit godt arbeidsmiljø med motiverte og inkluderande kollegaer
- Eit stort fagmiljø innan arkitektur og løysingsdesign
- Fleksible arbeidsordningar, med bl.a. fleksitid og ordningar for heimekontor
- Løn etter avtale og medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen
- Flere arbeidssteder: PROFESSOR OLAV HANSSENS VEI 7 A, 4021 Stavanger
- Bransje: Helse og omsorg, IT
- Stillingsfunksjon: Utvikler (generell)
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
løsningsarkitekt
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385655116
- Sist endret