Branninspektør
Voss herad
- Frist 09.01.2025
- Ansettelsesform Fast
100 % fast stilling som branninspektør
Voss brannvern er ei underavdeling av tekniske tenester i Voss herad.
Brannvernet er organisert med førebyggjande avdeling og beredskapsavdeling. Det er brannstasjonar på Voss, Evanger, Vossestrand og Granvin. Voss herad har også vertskommunesamarbeid om brann- og redningstenester med Eidfjord kommune og Ulvik herad.
Det er ledig 100 % fast stilling som branninspektør f.o.m. 3. mars 2025. Stillinga vil også inngå i vaktordning med vaktturnus kvar 4. veke.
Arbeidsoppgåver:
- Gjennomføra risikobasert tilsyn med særskilde brannobjekt og andre risikoobjekt
- Motivasjons- og informasjonstiltak innan brannførebyggjing
- Førebyggjande arbeid med risikoutsette grupper
- Arbeid med HMS og internkontroll
- Undervisning for kommunale og private verksemder
- Andre oppgåver kan verte lagt til stillinga
Kvalifikasjonar
- kvalifikasjonar for førebyggjande personell i samsvar med § 40 i brann- og redningsvesenforskrifta, t.d. høgskule, fagskule eller fagutdanning som feiar/brannførebyggjar
- førarkort klasse B
- det vil verta lagt vekt på erfaring frå brannførebyggjande arbeid
- god framstillingsevne både skriftleg og munnleg
Som fylgje av deltaking i beredskapsstyrken må det før tilsetjing leggjast fram godkjend helseattest for røykdykkar, kl. C og utrykkingskøyretøy. Søkjaren må også bestå brannvernet sine testar. Du må ha førarkort klasse BE og C, eller for eigen kostnad vere viljug til å ta kl. BE og C seinast 12 månader etter tilsetjing. Vedkommande må også bu i nærleiken til brannstasjonen på Voss.
Personlege eigenskaper
- evne til gjennomføring samt god samarbeidsevne
- du må også kunne bidra positivt i eige arbeidsmiljø
Me tilbyr
- gode vilkår for fagleg utvikling
- ny brannstasjon frå 2025
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- fleksitid
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver venleg og last opp vitnemål og attestar til søknaden
Om arbeidsgiveren
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.
Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande
- Sektor: Offentlig
- Sted: Uttrågata 9, 5700 Voss
- Bransje: Annet, Politi og sikkerhet
- Stillingsfunksjon: Brannvern
Nøkkelord
branninspektør, brannmann, brann, brannvern
Annonseinformasjon
- FINN-kode 385655304
- Sist endret